torsdag 28. oktober 2010

Jubileumsfest

Lørdag var det 60-årsjubileum for Tørvikbygd Musikklag. Det vart feira med konsert og fest.
Alfred hadde laga ein G-nøkkel til å dekorere med, og med Trygve sine roser på den, vart det veldig fint.

Janne Merete opptrådde med ein sang.

Gisle Torvik var der og spelte tre av sine sanger på gitar, mens heile korpset kompa. Veldig flink gitarist, og utrulig kjekt opplegg.

Han har laga masse flott musikk, så visst du vil høyre han går du inn på www.gisletorvik.com


Etterpå var det fest i grendahuset med koldbord, mimring, kaker og dans.


Alle solistane fekk bomster, og då fekk eg Trygve sin.

På bordene var det pynta med roser, og eg fekk med meg ein bukett heim etterpå.

søndag 17. oktober 2010

Middasbesøk

Det er viktig å nytte ferien te nåkke fornuftig. Det har eg gjort :)



I dag hadde eg middagsbesøk av mamma og pappa og Janne Merete. På menyen sto kalkunfilet; NAM! Til kaffi kom også Øyvind, og då hadde eg laga kake.

Pappa og Janne Merete nyter middagen.

Øyvind har komme for å ete kake.


Mamma og pappa
Janne Merete

Fekk roser.
Tusen takk!!

lørdag 16. oktober 2010

Sogndal :)

Høstferie med tur til Sognda - ikkje verst.

No har eg hatt ein tur te Sogndal, vart ein liten tur med mykje innhold; KRIK, besøk, besøk, besøk osv. Utrulig kjekt vertfall :)

lørdag 9. oktober 2010

Praksis over

Då er nok ein praksisperiode overstått. Fornøyd med det? JA!

Etter fire veker i praksis i barnehage, er eg ferdig, og er veldig fornøtd med det, og at eg i tillegg no har høstferie, som eg ska nyte så godt eg kan.

Som avslutning å veka er eg no leirsjef på leir på Raknestunet. Det er spennende på mange måter.

søndag 3. oktober 2010

Øvingshelg

Øving + Helg = Øvingshelg :)



Denne helga er det øvingshelg med musikklaget. Derfor ligg eg nett no på ei feltseng i første etasje på Nesheim, eit av internata på Framnes. Hadde Nachos te kvelds. No ska eg snart på øving igjen, klokka 11.

Praksisoppgaver: DONE!

Har hatt min siste lederdag i barnehagen, og må sei eg e ganske så fornøyd med det.

Dette har ikkje vore ein ka som helst praksis, dette har vore som det vi på TV2 kaller "Kampen for tilværelsen" Men ka kan ein forvente av ein student som er sånn middels?

Har laga ferdig den pedagogiske dokumentasjonen, og har gjort meg klar for siste forsøk på å imponere, men tvile på at nåkke av det eg gjer som er bra blir sett...