lørdag 27. april 2013

fredag 26. april 2013

Elfenbenskysten

Her kommer bilde av hagen vår og husa der.



Elfenbenskysten

I dag sov me nesten lenge. Hadde fri på formiddagen, så eg og Elisabeth va ein tur på markedet. Klokka 11 reiste me bort på den internasjonale skulen for å ta bilde av nokre av misjonærbarna som går der.

Tilbake her fekk vi lunsj - deilig. Så snakka vi gjennom filmer og artikler og ka vi måtte få filme før me reiser.

Så var det avgårde for å sjå nokre barn som leika - i slumområdet. Etter det var vi på alfabetiseringskurs, og kvelds etterpå. Så vi har hatt nok program i dag også.

Bildet er et evis på at det ikkje mangler på krypdyr her :)

torsdag 25. april 2013

Elfenbenskysten

Det blir dårlig med bildeoppdateringer her - det er det fleire grunner til. Har ikkje med meg data, tar mykje bilder, men det med skikkelig kamera, og det at å vise fram at ein har smarttelefon ikkje er særlig lurt. I tillegg er det svært dårlig med Internett her.

I går va me med norsk flyktningehjelp og besøkte ein speedschool - barn som ikkje har hatt mulighet til å gå på skule får ta to år på ett år for å ta igjen skulegang. Så kjørte me til Yamosukro - såg verdens største katedral og såg krokodiller.

I dag kjørte me frå Yamossukro, der me sov i natt. Det tok ca 4-5 timer, og har forvidt ikkje hatt så hardt program, men var på ei lyttergruppe med radioen o dag og så har me hatt dele- og bønnemøte. Kjenne at i dag va eg trøtt. Blir godt med ein avslappende formiddag i måro.

tirsdag 23. april 2013

Elfenbenskysten

Ein tommel opp for Elfenbenskysten. Føles som eg har vore her lenge, for me har gjort sååå masse.
Var først ein dag i Abidjan der me gjekk på markedet, var på kontoret te misjonærene og fekk høre om prosjektet dei holder på med, og så fekk me vere med å vise Jesus film i ein bydel.
Neste dag kjørte me tidlig nordover til Ouanninou, som ligg på grensa til Ny Guinea omtrent. Her har NLM for tida ein misjonær, men tilbake i 2001 var det mange misjonærer her.
I dag kjørte me ut i bushen i Youma, også her budde det tidligare misjonærer, men ikkje sidan 2002. Spennende å vere tilbake. Dårlig vei ut, spesielt når det kom regn. No er me i Man, og ska sove her i natt på hotell :)

Til slutt ein sommerfugl som kom og satte seg ved sida av meg her i sofaen.



onsdag 17. april 2013

Hotell

Kan ikkje klage!
Har forlatt Godøya og satt kursen mot Elfenbenskysten. Bere sove litt først :)



Ny leilighet

GANG: 



(med midlertidige løsninger) 


SOVEROM: 









VASKEROM: 
(inn til venstre i gangen)


(bad inn til venstre bak gangdøra) 

 (Ekstra soverom inn siste døra til venstre)

STOVE: 










KJØKKEN:




BAD: 






lørdag 13. april 2013

I kveld blir det fire etasjers buffet :)

Sitte er på nyesofaen, og legger ut bilde av den.







Flytting pågår

På mandag vart det bestemt at eg flytter. Skulle flytte ut herifrå før 1.august, men å finne noko nytt på godøya e ikkje det enklaste - så då tar ein det ein får. Såg på ei ledig utleige leilighet på mandag, og sa eg kunne ta den med ein gang, så då fekk eg den og va tirsdag å henta nøklene. Og det e ikkje nåkke tull når eg flytter - så då flytter eg frå eine fyret på eine sida av øya, til andre fyret på andre sida av øya :)

Så denne veka har eg flytta, pakka, vaska og prøvd å shoppe meg nye møbler.

Bilder av leilighet og sofaen min ligger i innlegga under :)

fredag 12. april 2013

Det andre bildet viser fargeforskjellen på den på bildet i forhold te den mørkare.



tirsdag 9. april 2013

















Besøk av Øyvind og Mirjam

Denne helga har eg hatt besøk av Øyvind og Mirjam.

Fredag tok me oss ein tur opp på Storhornet. Når me stod på toppensåg vi ei snøbyge komme, og skyndta oss ner att.

Lørdag våkna me te vannrett snøvær. Vindua på eine sida av huset va dekka av snø. Skulle ein tur te Langevåg og tok bilen min for å kjøre. Men snøen hadde blåst sånn opp i veien at snøen slo over frontruta når me kjørte oppover veien, så me snudde og lot heller Kay Amund kjøre :)

Søndag blei ein perfekt dag med snø, sol og blå himmel.







Oslo

Torsdag skulle eg ein tur te Oslo for å møte dei eg ska reise på tur med og planlegge turen. Etterpå nytte eg dagen og finværet i hovedstaden :)