No er påska snart over, og her kommer litt av ka eg har gjort på.
Forrige søndag bestemte alle fem som va heime, at me skulle gjere nåkke ilag. Det va fleire forslag på bordet, men me endte opp med å gå på Peppes Pizza i byn. Så me pakka oss alle sammen inni èin bil. Det er det lenge sia har skjedd. Det va trangt om plassen, men det gjekk bra. Det va lite folk ute, og me koste oss med to store pizzaer. Etter dette fekk me så masse kaffi me ville, og me bestilte oss dessert attpå middagen. Når me skulle gå va me så mette at me kunne ha trilla heim att. Janne Merete måtte sjølsagt ha med seg ein gassballong. Heim att vart dei tre minste plassert i baksetet. Det vart mykje latter, spesielt når me åpna gassballongen og slukte litt helium :)
Øyvind, Janne Merete, mamma og pappa
Mamma og pappa med kvar sin banansplit
Øyvind med Oreodream
Så va eg nåkken daga heime, men reiste te mamma og pappa igjen på onsdag kveld. Då kom også Torgeir frå Kristiansand, for å feire påske her med oss.
Torsdag vart eg 23 år, og det vart sjølsagt feira. Martin og Tarjei kom først innom, så kom Øyvind, som hadde med seg Frank og Hans Kristian. Me åt taco og hadde det kjekt. Etterpå vart det UNO Extreme, med kaker og kaffi etterpå. Utpå natta dukka det opp fleire. Øystein, Eivind, Vegard, Ole, Olav og Håvard kom også innom.
Fredag va det så fint vær, at heile familien Melhus, 6 i tallet, gjekk på tur innover til Svindal. Det var varm å gå, og me sjekka ut alt på veien. Det var masse padder i Trossavatnet, så det va kjekt å sjå på.
Bjørkestamme!
Det krydde av padder i vatnet; her er ei oppe og trekker luft :)
Egg.
Bjørka holder på å sprette ut.
Påskeliljer
Familien Melhus
Huset te bestemor og bestefar.
Heile familien Melhus.
(Foto: Øyvind Melhus)




