torsdag 30. juni 2011

Du skal ikkje sova bort sumarnatta...

Og det gjer eg ikkje heller....

På torsdag va det jonsok, og den feira eg på Kløve i lag med Janne Merete. Konsert med korpset i gymsalen, og grilling på skuleplassen etterpå. Va med Magnus og Ingeborg som også va der.

No er eg i gang med 100% jobbing. Jobba heile helga, men sidan det ikkje va meir kle i min størrelse på jobb, måtte eg bruke mine egne. Lørdag kveld ette jobb skulle eg i kjellaren å vaske overdelane. Då steig eg inn i ein dam. Det viste seg at det va nåke gale med varmtvannstanken. Søndag dusja eg i lunka vatn, men etter dette hadde eg berre kaldt vatn, fram te rørleggaren va her tirsdag ettermiddag.

Tirsdag kveld va eg heime hjå mamma og pappa og åt pizza. Janne Merete va på UKM landsmønstring i Trondheim i helga. I den forbindelse tok mamma og pappa bobilen te besto og besten og kjørte oppover. Øyvind farter rundt te Kristiansund og Danmark med den nye jobben, så det e ikkje mykje eg ser te familien min.

På lørdag ska tante Inger feire 60- årsdagen sin. Te det ska eg bake ei kake, og så ska eg spele i besøket ilag med ein pianist, så eg må te Kløve og øve på fredag kveld ette jobb.

Eg har irritert meg over summing i stova, men tok lang tid før eg fann ut kor det kom frå; inni vinduskarmen. Hørtes ut som ei flue, og tenkte den snart døde likevel. Men no har eg funne ut at det er et humlebol der inni, så det blir nok ikkje stille med det første...

Neste veke har eg ferie, så på søndag setter eg og Siri Birgitte oss i bilen og kjører sørover. Ska vere ei veke i Lyngdal, for Siri Birgitte ska jobbe på campen. Då ska eg pakke med meg bikini. Fortsatt litt usikkert kor eg ska vere frå søndag te tirsdag; enten blir det Stavanger hjå Ingrid og Kjell Andre, eller Kristiansand hjå Torgeir. Klar for strålende sol og sørlandsvær (håpe det blir fint).

torsdag 16. juni 2011

Etterlengta sommarferie

I går fekk eg eksamen overstått, og fornøyd med det. Avslutta dagen med konsert og sommaravslutning i Tørvikbygd.

Eg våkna opp i går, og va ikkje blitt nåkke klokare over natta. Eg våkna litt seinare enn eg hadde tenk, og dermed vart det ikkje mykje tid te å lese. Men, eg kom på at eg hadde sett nåkke i ei bok, ein oversikt over nåkke, men eg huska ikkje ka det va oversikt over eller kor det sto om dette. Derfor bladde eg gjennom alle bøkene, og fann til slutt Bourdieus teori om klasseinndeling; akkurat det eg leita etter.

Så reiste eg på skulen. Satt der ei stund og venta, for eg va tidlig ute. Klokka 15.20 gjekk eg inn på forberedelse, og fekk oppgava:

På hvilke måter preger ulik sosial bakgrunn barns oppvekst, og hva bør førskolelæreren være bevisst på når sosiale forskjeller er merkbare i barnegruppen?

Først tenkte eg: NEI!!! Så begynte eg å skrive, og det første eg kom te å tenke på var Bourdieus teori om klasseinndeling, nåkke som blei utgangspunkt for det eg snakke om (og viste seg å vere veldig relevant, og ka dei venta at eg trekte fram). Videre snakka eg om hvilke typer kapital barn har med seg i barnehagen, og hvordan ujevne sosiale forskjeller. Så snakka eg om oppdragelse, utdanning, mangfold og foreldresamarbeid. Etterpå blei eg spurt om ting som eg hadde snakka om, og me kom inn på rasisme, leik i naturen, innvandring og velferdsstaten.

Kan ikkje sei eg har gjort så stor innsats med å lese te denne eksamen, men tydeligvis syns dei det. Som tilbakemelding fekk eg at eg viste god teoretisk forståelse og at eg hadde lest mykje og satt meg inn i stoffet.

Resultat: B! :)

Så reiste eg rett videre te Tørvikbygd, der dei satt og venta på oss, klare te å spele konsert. Det va ikkje så veldig mange som kom, men dei som kom va godt fornøyd!

Etterpå gjekk me ombord i ein gammal seglbåt; Kristianna, og tok turen over til Herand. Her va me på det Meieriet, som er ein pizza-restaurant, der dei lage italiensk pizza i steinovn. Utrulig godt! Norvald blei utnevnt til æresmedlem.


Vi va ikkje te bake i Tørvikbygd før klokka va halv ett. Utrulig flott tur, fint vær!

tirsdag 14. juni 2011

Ready or not.....

Siste dag, så blir det ferie....

I dag har eg lest masse. for eg har jo ikkje gjort så mykje av det tidligare....Er ikkje klar i det heile tatt, men eksamen er i måro, så det er berre til å satse, så skal eg nok alltids klare å komme meg gjennom det - og det er jo målet mitt!

Etter eksamen blir det rett til Tørvikbygd på marsj-konsert. Vidare blir det båttur til Herand, og sommaravslutning :) Må jo bli ein perfekt avslutning på dagen!

lørdag 11. juni 2011

Mynte

I går fekk eg besøk av Mynte igjen...

Tirsdag va eg og leverte Mynte te mamma og pappa, for han skulle vere der nåkken daga. Først va me på orientering. Der slo eg pappa for første gang. Pappa vant sin klasse, og eg vant min. Det var berre èin person, i herreklassen, som hadde bedre tid enn meg på den løypa :)

Ida Kristin Melhus - 46,41
Rune Melhus Statoil 49,49

I dag har eg og Mynte vore ute i sola, og gått tur etter posten.


onsdag 8. juni 2011

Tebake

Bloggen min har vore utilgjengelig ei stund no, men no e eg tebake. Endelig gjekk d an å logge på...

Dei siste dagane har eg passa hunden te bestemor og bestefar. Ein liten tass som heite Mynte. Me har kosa oss masse ilag.