MEN, i dag kom eg te å savne radioen, så eg røska like godt ut anlegget for å finne ut av dette. Det var ingen lause ledninger, men det var mykje rot inni der. Etter at eg hadde studert alle endane og fått ut alle ledningane, fann eg ut at ein holder til ein sikring hadde delt seg, og sikringa va vekke. Den ligge nok gjømt ein eller anna plass inni der, men eg kunne ikkje finne den. Derfor kjørte eg på biltema, tok med meg ei anna sikring inn, og spørte etter ein lik.
Når eg skulle sette inn sikringa, viste det seg at fjøra i den sikringa som mangla va større, så den sikringa eg hadde kjøpt passa ikkje. Derfor sette eg den inni og teipa den sammen. VIPS, der virka radioen.
Når eg i kveld skulle sette meg inni bilen og starta den, skvatt eg til når det kom lyd i høgtalarane. ja, eg har virkelig vendt meg til et stille liv :)
Tenk, dette klarte eg å fikse heilt sjøl :) Utrulig fornøyd med min tekniske innsikt...








