torsdag 16. juni 2011

Etterlengta sommarferie

I går fekk eg eksamen overstått, og fornøyd med det. Avslutta dagen med konsert og sommaravslutning i Tørvikbygd.

Eg våkna opp i går, og va ikkje blitt nåkke klokare over natta. Eg våkna litt seinare enn eg hadde tenk, og dermed vart det ikkje mykje tid te å lese. Men, eg kom på at eg hadde sett nåkke i ei bok, ein oversikt over nåkke, men eg huska ikkje ka det va oversikt over eller kor det sto om dette. Derfor bladde eg gjennom alle bøkene, og fann til slutt Bourdieus teori om klasseinndeling; akkurat det eg leita etter.

Så reiste eg på skulen. Satt der ei stund og venta, for eg va tidlig ute. Klokka 15.20 gjekk eg inn på forberedelse, og fekk oppgava:

På hvilke måter preger ulik sosial bakgrunn barns oppvekst, og hva bør førskolelæreren være bevisst på når sosiale forskjeller er merkbare i barnegruppen?

Først tenkte eg: NEI!!! Så begynte eg å skrive, og det første eg kom te å tenke på var Bourdieus teori om klasseinndeling, nåkke som blei utgangspunkt for det eg snakke om (og viste seg å vere veldig relevant, og ka dei venta at eg trekte fram). Videre snakka eg om hvilke typer kapital barn har med seg i barnehagen, og hvordan ujevne sosiale forskjeller. Så snakka eg om oppdragelse, utdanning, mangfold og foreldresamarbeid. Etterpå blei eg spurt om ting som eg hadde snakka om, og me kom inn på rasisme, leik i naturen, innvandring og velferdsstaten.

Kan ikkje sei eg har gjort så stor innsats med å lese te denne eksamen, men tydeligvis syns dei det. Som tilbakemelding fekk eg at eg viste god teoretisk forståelse og at eg hadde lest mykje og satt meg inn i stoffet.

Resultat: B! :)

Så reiste eg rett videre te Tørvikbygd, der dei satt og venta på oss, klare te å spele konsert. Det va ikkje så veldig mange som kom, men dei som kom va godt fornøyd!

Etterpå gjekk me ombord i ein gammal seglbåt; Kristianna, og tok turen over til Herand. Her va me på det Meieriet, som er ein pizza-restaurant, der dei lage italiensk pizza i steinovn. Utrulig godt! Norvald blei utnevnt til æresmedlem.


Vi va ikkje te bake i Tørvikbygd før klokka va halv ett. Utrulig flott tur, fint vær!

tirsdag 14. juni 2011

Ready or not.....

Siste dag, så blir det ferie....

I dag har eg lest masse. for eg har jo ikkje gjort så mykje av det tidligare....Er ikkje klar i det heile tatt, men eksamen er i måro, så det er berre til å satse, så skal eg nok alltids klare å komme meg gjennom det - og det er jo målet mitt!

Etter eksamen blir det rett til Tørvikbygd på marsj-konsert. Vidare blir det båttur til Herand, og sommaravslutning :) Må jo bli ein perfekt avslutning på dagen!

lørdag 11. juni 2011

Mynte

I går fekk eg besøk av Mynte igjen...

Tirsdag va eg og leverte Mynte te mamma og pappa, for han skulle vere der nåkken daga. Først va me på orientering. Der slo eg pappa for første gang. Pappa vant sin klasse, og eg vant min. Det var berre èin person, i herreklassen, som hadde bedre tid enn meg på den løypa :)

Ida Kristin Melhus - 46,41
Rune Melhus Statoil 49,49

I dag har eg og Mynte vore ute i sola, og gått tur etter posten.


onsdag 8. juni 2011

Tebake

Bloggen min har vore utilgjengelig ei stund no, men no e eg tebake. Endelig gjekk d an å logge på...

Dei siste dagane har eg passa hunden te bestemor og bestefar. Ein liten tass som heite Mynte. Me har kosa oss masse ilag.


søndag 22. mai 2011

Regn!

Raindrops keep fallin' on my head!

Bere at her kjem dei ikkje på hodet, for det blåser så mykje at det regner nedenfra og opp! Dette minner meg meir om ein regnfull høst enn mai, og snart sommer.

Når eg går inn å sjekker på yr.no, ser eg at dei bere melder regn så langt ein kan sjå, men litt lenger nede ligg ein link til langtidsvarsel for Chapel Hill, der dei melder sol (med antydning til regn ein dag) og over 30 grader. Må sei eg virkelig kunne reist tebake for å få kjenne på det igjen. Drømmer meg tebake te Wrightsville Beach, sandstrand så langt du kan sjå....bading....surfere....


Snakka med Ingrid i dag, og no er det klart at det blir tur innom te dei i sommar, på vei te Lyngdal, der Helene ska prøve å få tak i leilighet te oss! GLEDE :)

Så då e sommarferien i boks, mangle bere turnus for jobbinga no, så kan eg planlegge ka eg ska gjere resten av tida....


Eksamen

Det er vel kanskje på tide å begynne å lese te eksamen snart, eg høyre alle andre gjer det!


Resultatene etter semesteroppgava kom på fredag, og det syns eg gjekk bra. Denne oppgava teller 49% av eksamenskarakteren.

No gjenstår bere muntlig, men den er ikkje før 15-17.juni. Derfor har eg jo egentlig god tid på meg. Lengte etter ferie no...

torsdag 19. mai 2011

17.mai

Som tradisjon er, blei 17.mai feira med togmaraton i Hardanger.

16.mai var eg i Salem, og der va ein heil del andre folk også. Traff på Lisbeth, for andre gang den helga, og då var det berre 3 år sia sist me møttes. Det va utruli kjekt. Etter det va slutt i Salem va eg ute med Øyvind, Øyvind og ein som heitte Erlend. Me va på Peppes og åt pizza. Når Øyvind og Erlend reiste heim att, vart Øyvind igjen med meg i byn mens me venta på at Janne Merete og Maria skulle bli klare te å reise heim att. Nå klokka nærma seg to kom dei endelig. Då va det rett heim og prøve å lage seng te desse to jentene. Merke det hadde vore greit om eg hadde hatt ei gjesteseng, og ikkje trengte be dei ta med seg liggeunderlag når dei kom te med :)

17.mai va eg opp klokka 06.15. Klokka 07.30 sto frokosten på bordet; nysteikte baguetter og egg va nåkke av det som sto klart når Janne Merete og Maria kom te bords. Heiv innpå frokosten før eg på dreve vis klarte å kaste bunaden over hovudet og hoppe det på plass, sette nålene beint, tre i mansjettknapper rett vei, legge brystduken rett, og alt dette uten å krølle skjorta. Så bære forkleet og instrument i bilen, og deretter sette seg på plass i setet, uten å stryke meg for masse opp etter sida, og uten å legge stakken nedi bakken så den blir skitten. Eg va allerede seint ute.

Eg leverte Janne Merete og Maria på terminalen klokka 08.20, før eg fòr øve fjellet, te Tørvikbygd. Der rakk eg parkere bilen, springe opp på skulen, pakke opp instrumentet, tre på meg ein regnfrakk og stille med i toget til klokka var 09.35. Marsjerte ned til butikken, snudde, opp i byggefeltet forbi skulen og ned igjen til skulen. Alle hadde regnfrakk på, men regnet som såg ut te å komme vår vei snudde visst, så me kom oss tørre fram.

No var det tid for kaker og kaffi i bedehuset, samt tur på toalettet, då det kan bli lenge mellom dei mulighetene på ein 17.mai.

Klokka 10.30 sette alle seg i minibussen, og Vetle sørga for at me kom oss trygt fram te Strandebarm kirke. Når me kom ut av bussen kjente me at det va regn i lufta, så me tok på oss regnfrakkane. 11.15 sto me klare utafor kirka. Her spela me og det var kranspåleggelse på minnesmerket. Så gjekk toget ut på veien, og mot Strandebarm skule. Nok ein gang kom me oss tørre fram til målet. Me sprang i bussen, akkurat i det himmelen åpna seg og det ausa ned med regn. Med oss på bussen fekk me smørte baguetter og brus. Det kan kalles multitasking; holde på instrument, baguett og glass med brus, uten å søle på bunaden, mens ein sitt på i ein buss som har det travelt på svingete, smale veier, med ein sjåfør som holde på å ete.

Klokka 12.45 stoppa me i Innstranda. Fortsatt regna det, men akkurat i det me steig ut av bussen, stoppa det. Likevel beholdt me regnfrakkane på, då me skjønte at været fort kunne snu. Toget gjekk et lite stykke langs vehen, før me snudde og gjekk tebake te skulen. Når me sto der på plassen og spelte "Ja, vi elsker" såg me det vart gråare på himmelen. På vei tebake te bussen åpna himmelen seg igjen. Nok ein gang hadde me komme oss tørre tebake i bussen.

No gjekk turen te Tørvikbygd igjen, for å avslutte dagen med folketoget der. Me parkerte utafor skulen klokka 13.25. Fortsatt regna det, og det fortsatte å regne, og det hagla, og ville ingen ende ta. Vi var frista te å gjere som NSB, og sette opp "buss for tog". Det kunne jo blitt artig. Då bestemte 17.mai-komitèen seg for at det vart ingen toggang, men at me spelte i gymsalen i staden for. For dei fleste var dette siste oppdrag denne dagen, men for nokon gjekk turen vidare te Vikøy. For oss som va ferdig for dagen, venta det middagsservering i bedehuset.

Etter ein deilig middag, reiste eg te byn, te Kristina, og var der klokka 17.00. Her kom etterkvart mykje folk. Me grilla inne, på steikepanna, åt kaker, drakk kaffi og hadde quiz. Når klokka va passert 21.30, reiste eg nedover te byn, og gjekk opp te Johanneskirka. Her traff eg igjen Lisbeth, og me bestemte oss for å sette oss inn ein plass mens me venta på fyrverkeriet. Me endte opp med å gå inn på Peppes. Mens me sto her å venta på bord, kom pappa ut og henta oss, så me joina dei med deira bord. Det var godt med pizza.

Fyrverkeriet klokka 23.00 va heilt fantastisk. Kjente at det var virkelig ein perfekt avslutning på ein travel dag :)

søndag 15. mai 2011

Farvel!

Mondeoen er vraka, det er for seint å ombestemme seg no...

På onsdag hadde me siste Onsdagsklubb for i vår. Det vart avslutta med andakt, sang, quiz, stafett og grilling.
Dei utrulig kule lederene på Onsdagsklubben; Ingrid, Ida Kristin og Øyvind


Etter Onsdagsklubben reiste me heim te mamma og pappa. Neste prosjekt va å få bensin frå Mondeoen te Audien. Heldigvis va ikkje dette nåkke problem når me hadde Øyvind med. Han visste korleis me skulle få åpna bensintanken, slik at me kunne plassere slangen rett i tanken.

Øyvind fjerner Ford-merket.

Min kjære Ford :)



Hmm...Ikkje verst!

mandag 9. mai 2011

Skitur

Lørdag reiste meg og Siri Birgitte i Eksingedalen.

Der oppe va mamma og pappa allerede på hytta, og dei hadde laga middag te me kom opp. Søndagen sto me opp te sol ute. Sia det blas litt på hytta, bestemte me oss for å gå på skitur med ein gang.

Me kjørte te Gullbrå, tok på oss skiene og satte kursen over marka der, og oppover fjellet. På første toppen va det nåkken bare flekker, men me gjekk rett over med skina på.

På neste topp tok me oss ein pause for å sole oss litt, ete sjokolade og drikke kakao, før me gjekk enda lenger.

Me fortsatte, ganske rett oppover p
å nåkken toppa. Når me snudde kunne me sjå rett inn på Kvitanosi, og på toppen over oss va Kjerringnosi.

Her snudde me og satte kursen nedover igjen, med skifeller på. Vart ein artig tur nedover, med nåkken fall, og masse snø i skjorto.


Siri Birgitte klar for tur.

Det va ikkje alle plassa det va like mykje snø.

Ida Kristin har slengt tå seg skibuksa, og soler seg.


Det blåste veldig på toppen.


Heime på hytta igjen, hadde mamma og pappa grilla, så me fekk middag. Etter det vart det ein omgang med Monopol.

lørdag 7. mai 2011

Sommer kommer, kommer sommer?

Eg veit da e lenge sia eg oppdaterte, så eg har rukke mykje sia sist.

Ette påske, måtte eg rett heim å skriva semesteroppgave, som eg hadde fått for lenge sia, men ikkje gjort nåkke meir med. Men oppgava blei skreve og levert innafor tidsfristen.

No har me fått ny oppgave, som ska resultere i ein paneldebatt rundt påstanden: Barnehageforeldre er blitt alt for kravstore. Dette har me ca.to veke på å forberede.

Eg har òg hatt to arbeidshelger etter kvarandre, men innimellom har eg fått tid te å sole meg, og til og med blitt solbrent :)

Fredag hadde Øyvind bursdag, men han va på leir den helga. Derfor laga eg ei 6.etasjers sjokoladekake som eg kjørte ut på leir med som han skulle få. Det va visst nok kake til alle :)

I går feira Øyvind dagen sin på Myking, og det vart fullt hus. Han hadde laga pizza og muffins. I tillegg fekk me sjokoladekake og snop.