søndag 22. mai 2011

Regn!

Raindrops keep fallin' on my head!

Bere at her kjem dei ikkje på hodet, for det blåser så mykje at det regner nedenfra og opp! Dette minner meg meir om ein regnfull høst enn mai, og snart sommer.

Når eg går inn å sjekker på yr.no, ser eg at dei bere melder regn så langt ein kan sjå, men litt lenger nede ligg ein link til langtidsvarsel for Chapel Hill, der dei melder sol (med antydning til regn ein dag) og over 30 grader. Må sei eg virkelig kunne reist tebake for å få kjenne på det igjen. Drømmer meg tebake te Wrightsville Beach, sandstrand så langt du kan sjå....bading....surfere....


Snakka med Ingrid i dag, og no er det klart at det blir tur innom te dei i sommar, på vei te Lyngdal, der Helene ska prøve å få tak i leilighet te oss! GLEDE :)

Så då e sommarferien i boks, mangle bere turnus for jobbinga no, så kan eg planlegge ka eg ska gjere resten av tida....


Eksamen

Det er vel kanskje på tide å begynne å lese te eksamen snart, eg høyre alle andre gjer det!


Resultatene etter semesteroppgava kom på fredag, og det syns eg gjekk bra. Denne oppgava teller 49% av eksamenskarakteren.

No gjenstår bere muntlig, men den er ikkje før 15-17.juni. Derfor har eg jo egentlig god tid på meg. Lengte etter ferie no...

torsdag 19. mai 2011

17.mai

Som tradisjon er, blei 17.mai feira med togmaraton i Hardanger.

16.mai var eg i Salem, og der va ein heil del andre folk også. Traff på Lisbeth, for andre gang den helga, og då var det berre 3 år sia sist me møttes. Det va utruli kjekt. Etter det va slutt i Salem va eg ute med Øyvind, Øyvind og ein som heitte Erlend. Me va på Peppes og åt pizza. Når Øyvind og Erlend reiste heim att, vart Øyvind igjen med meg i byn mens me venta på at Janne Merete og Maria skulle bli klare te å reise heim att. Nå klokka nærma seg to kom dei endelig. Då va det rett heim og prøve å lage seng te desse to jentene. Merke det hadde vore greit om eg hadde hatt ei gjesteseng, og ikkje trengte be dei ta med seg liggeunderlag når dei kom te med :)

17.mai va eg opp klokka 06.15. Klokka 07.30 sto frokosten på bordet; nysteikte baguetter og egg va nåkke av det som sto klart når Janne Merete og Maria kom te bords. Heiv innpå frokosten før eg på dreve vis klarte å kaste bunaden over hovudet og hoppe det på plass, sette nålene beint, tre i mansjettknapper rett vei, legge brystduken rett, og alt dette uten å krølle skjorta. Så bære forkleet og instrument i bilen, og deretter sette seg på plass i setet, uten å stryke meg for masse opp etter sida, og uten å legge stakken nedi bakken så den blir skitten. Eg va allerede seint ute.

Eg leverte Janne Merete og Maria på terminalen klokka 08.20, før eg fòr øve fjellet, te Tørvikbygd. Der rakk eg parkere bilen, springe opp på skulen, pakke opp instrumentet, tre på meg ein regnfrakk og stille med i toget til klokka var 09.35. Marsjerte ned til butikken, snudde, opp i byggefeltet forbi skulen og ned igjen til skulen. Alle hadde regnfrakk på, men regnet som såg ut te å komme vår vei snudde visst, så me kom oss tørre fram.

No var det tid for kaker og kaffi i bedehuset, samt tur på toalettet, då det kan bli lenge mellom dei mulighetene på ein 17.mai.

Klokka 10.30 sette alle seg i minibussen, og Vetle sørga for at me kom oss trygt fram te Strandebarm kirke. Når me kom ut av bussen kjente me at det va regn i lufta, så me tok på oss regnfrakkane. 11.15 sto me klare utafor kirka. Her spela me og det var kranspåleggelse på minnesmerket. Så gjekk toget ut på veien, og mot Strandebarm skule. Nok ein gang kom me oss tørre fram til målet. Me sprang i bussen, akkurat i det himmelen åpna seg og det ausa ned med regn. Med oss på bussen fekk me smørte baguetter og brus. Det kan kalles multitasking; holde på instrument, baguett og glass med brus, uten å søle på bunaden, mens ein sitt på i ein buss som har det travelt på svingete, smale veier, med ein sjåfør som holde på å ete.

Klokka 12.45 stoppa me i Innstranda. Fortsatt regna det, men akkurat i det me steig ut av bussen, stoppa det. Likevel beholdt me regnfrakkane på, då me skjønte at været fort kunne snu. Toget gjekk et lite stykke langs vehen, før me snudde og gjekk tebake te skulen. Når me sto der på plassen og spelte "Ja, vi elsker" såg me det vart gråare på himmelen. På vei tebake te bussen åpna himmelen seg igjen. Nok ein gang hadde me komme oss tørre tebake i bussen.

No gjekk turen te Tørvikbygd igjen, for å avslutte dagen med folketoget der. Me parkerte utafor skulen klokka 13.25. Fortsatt regna det, og det fortsatte å regne, og det hagla, og ville ingen ende ta. Vi var frista te å gjere som NSB, og sette opp "buss for tog". Det kunne jo blitt artig. Då bestemte 17.mai-komitèen seg for at det vart ingen toggang, men at me spelte i gymsalen i staden for. For dei fleste var dette siste oppdrag denne dagen, men for nokon gjekk turen vidare te Vikøy. For oss som va ferdig for dagen, venta det middagsservering i bedehuset.

Etter ein deilig middag, reiste eg te byn, te Kristina, og var der klokka 17.00. Her kom etterkvart mykje folk. Me grilla inne, på steikepanna, åt kaker, drakk kaffi og hadde quiz. Når klokka va passert 21.30, reiste eg nedover te byn, og gjekk opp te Johanneskirka. Her traff eg igjen Lisbeth, og me bestemte oss for å sette oss inn ein plass mens me venta på fyrverkeriet. Me endte opp med å gå inn på Peppes. Mens me sto her å venta på bord, kom pappa ut og henta oss, så me joina dei med deira bord. Det var godt med pizza.

Fyrverkeriet klokka 23.00 va heilt fantastisk. Kjente at det var virkelig ein perfekt avslutning på ein travel dag :)

søndag 15. mai 2011

Farvel!

Mondeoen er vraka, det er for seint å ombestemme seg no...

På onsdag hadde me siste Onsdagsklubb for i vår. Det vart avslutta med andakt, sang, quiz, stafett og grilling.
Dei utrulig kule lederene på Onsdagsklubben; Ingrid, Ida Kristin og Øyvind


Etter Onsdagsklubben reiste me heim te mamma og pappa. Neste prosjekt va å få bensin frå Mondeoen te Audien. Heldigvis va ikkje dette nåkke problem når me hadde Øyvind med. Han visste korleis me skulle få åpna bensintanken, slik at me kunne plassere slangen rett i tanken.

Øyvind fjerner Ford-merket.

Min kjære Ford :)



Hmm...Ikkje verst!

mandag 9. mai 2011

Skitur

Lørdag reiste meg og Siri Birgitte i Eksingedalen.

Der oppe va mamma og pappa allerede på hytta, og dei hadde laga middag te me kom opp. Søndagen sto me opp te sol ute. Sia det blas litt på hytta, bestemte me oss for å gå på skitur med ein gang.

Me kjørte te Gullbrå, tok på oss skiene og satte kursen over marka der, og oppover fjellet. På første toppen va det nåkken bare flekker, men me gjekk rett over med skina på.

På neste topp tok me oss ein pause for å sole oss litt, ete sjokolade og drikke kakao, før me gjekk enda lenger.

Me fortsatte, ganske rett oppover p
å nåkken toppa. Når me snudde kunne me sjå rett inn på Kvitanosi, og på toppen over oss va Kjerringnosi.

Her snudde me og satte kursen nedover igjen, med skifeller på. Vart ein artig tur nedover, med nåkken fall, og masse snø i skjorto.


Siri Birgitte klar for tur.

Det va ikkje alle plassa det va like mykje snø.

Ida Kristin har slengt tå seg skibuksa, og soler seg.


Det blåste veldig på toppen.


Heime på hytta igjen, hadde mamma og pappa grilla, så me fekk middag. Etter det vart det ein omgang med Monopol.

lørdag 7. mai 2011

Sommer kommer, kommer sommer?

Eg veit da e lenge sia eg oppdaterte, så eg har rukke mykje sia sist.

Ette påske, måtte eg rett heim å skriva semesteroppgave, som eg hadde fått for lenge sia, men ikkje gjort nåkke meir med. Men oppgava blei skreve og levert innafor tidsfristen.

No har me fått ny oppgave, som ska resultere i ein paneldebatt rundt påstanden: Barnehageforeldre er blitt alt for kravstore. Dette har me ca.to veke på å forberede.

Eg har òg hatt to arbeidshelger etter kvarandre, men innimellom har eg fått tid te å sole meg, og til og med blitt solbrent :)

Fredag hadde Øyvind bursdag, men han va på leir den helga. Derfor laga eg ei 6.etasjers sjokoladekake som eg kjørte ut på leir med som han skulle få. Det va visst nok kake til alle :)

I går feira Øyvind dagen sin på Myking, og det vart fullt hus. Han hadde laga pizza og muffins. I tillegg fekk me sjokoladekake og snop.

søndag 24. april 2011

Familiepåske

No er påska snart over, og her kommer litt av ka eg har gjort på.

Forrige søndag bestemte alle fem som va heime, at me skulle gjere nåkke ilag. Det va fleire forslag på bordet, men me endte opp med å gå på Peppes Pizza i byn. Så me pakka oss alle sammen inni èin bil. Det er det lenge sia har skjedd. Det va trangt om plassen, men det gjekk bra. Det va lite folk ute, og me koste oss med to store pizzaer. Etter dette fekk me så masse kaffi me ville, og me bestilte oss dessert attpå middagen. Når me skulle gå va me så mette at me kunne ha trilla heim att. Janne Merete måtte sjølsagt ha med seg ein gassballong. Heim att vart dei tre minste plassert i baksetet. Det vart mykje latter, spesielt når me åpna gassballongen og slukte litt helium :)


Øyvind, Janne Merete, mamma og pappa


Mamma og pappa med kvar sin banansplit

Øyvind med Oreodream

Så va eg nåkken daga heime, men reiste te mamma og pappa igjen på onsdag kveld. Då kom også Torgeir frå Kristiansand, for å feire påske her med oss.

Torsdag vart eg 23 år, og det vart sjølsagt feira. Martin og Tarjei kom først innom, så kom Øyvind, som hadde med seg Frank og Hans Kristian. Me åt taco og hadde det kjekt. Etterpå vart det UNO Extreme, med kaker og kaffi etterpå. Utpå natta dukka det opp fleire. Øystein, Eivind, Vegard, Ole, Olav og Håvard kom også innom.

Fredag va det så fint vær, at heile familien Melhus, 6 i tallet, gjekk på tur innover til Svindal. Det var varm å gå, og me sjekka ut alt på veien. Det var masse padder i Trossavatnet, så det va kjekt å sjå på.


Bjørkestamme!


Det krydde av padder i vatnet; her er ei oppe og trekker luft :)


Egg.


Bjørka holder på å sprette ut.

Påskeliljer

Familien Melhus

Huset te bestemor og bestefar.


Heile familien Melhus.

(Foto: Øyvind Melhus)

tirsdag 19. april 2011

I`m Back

Det er travelt å vere heime igjen.

No er den gode Mondeoen min bytta ut med ein nesten like god bil, ein audi.



Trist å kvitte seg med ein så god bil som Mondeoen, men heldigvis står den hjå mamma og pappa enda, så heilt vekke er den ikkje enda. Den nye bilen har fått nye bremser. I tillegg har eg tatt ein skikkelig reingjering på den inni.

På lørdag va eg så heldig å få sjå at Elin og Fedor inngjekk ekteskap. For ein flott opplevelse. Nydelig bryllup! Nydelig brudepar!

GRATULERER!

No venter påske med familien. Torgeir skal vere heime i nåkken dager. Då vert heile familien samla :)

søndag 10. april 2011

Ny bil!

No har eg funne ein erstatning for den gode bilen min, som desverre ikkje kan kjørast lenger.

Raud Ford Mondeo blir no bytta ut med svart Audi 80 stasjonsvogn. I motsetning til den raude bilen, kjem det ingen mystiske lyder frå den svarte bilen. Ingen foringer, støtdempere, bremser eller lause deler som lager lyd.


Ska hente den på tirsdag...

torsdag 7. april 2011

Farvel?

Klarte ikkje følge opp bloggen med bilder fra turen, men det var fordi nettet der me budde var så treigt. MEN, no er eg heime igjen. Kom heim på søndag, etter ei lang heimreise, vertfall når me måtte skru klokka 6 timer fram...


Når eg kom heim på søndag, var det rett heim og dusje, før meg og Øyvind kom oss på plass i Grieghallen for å høyre på Janne Merete som sang på UKM, sangen "Brand New".

http://www.strilen.no/kultur/song-seg-til-trondheim/
http://ukm.no/?side=5881&nyhet=3780&idgroupage=5879&idback=5880

http://youtu.be/MIJOCFBqZos?hd=1


Etter dette var eg heime og sov i to timer, før eg blei henta, for å vere med på konsert i Johanneskirka, med Te Deum. Det var fint å høyre på, men kjenne det nok hadde vore kjekkare om eg ikkje hadde vore så trøtt, og så døgnvill.

Søndag kveld etter konsert va eg heime hjå mamma og pappa for å hente bilen min. Pappa har brukt bilen litt når eg va vekke, så den ikkje skulle slokne heilt. Når eg kom heim klaga han over at det va ein dårlig bil eg hadde, og at den drog veldig te høgre. Han kunne ikkje forstå at det kunne vere nåkke god bil å kjøre, men eg kunne ikkje skjønne at bilen skulle vere sååå dårlig. Eg har jo ikkje kjent nåkke te det.

Så sette eg meg i bilen og begynte på heimreisa. Kjente raskt at det drog mot høgre. Slik hadde det ikkje vore før. Ilag med dette symptomet va det også komme nåkke nye lyder. Kjørte no heim, men nå eg kjørte i 80 kjente eg det drog godt, og det var vanskelig å holde rattet i ro.

Mandag va eg på 18+, og nytta anledningen til å la Øyvind kjøre ein liten tur med bilen for å finne ut ka dette va for nåkke. Når han kom tilbake kunne han fortelle at han trudde det var fjøringane som hadde knekt. Eg såg på bilen, og sa: "Ja, det ser eg jo!" Det var ikkje mykje klaring der mellom hjulet og hjulbuen :) Så då va det bere te å parkere bilen, vekke bestefar o låne hans bil te dagen etterpå.

No har eg fått låne mamma sin bil, mens me leite etter ny bil te meg. Den eg hadde skulle jo ikkje vare lenger enn ut juni, så då er det ikkje nåkke vits i å ordne den no...

I kveld har eg vore på øving, første gang på lenge. Veldig kjekt å vere tebake.