Har ettekvart begynt å lande igjen etter turen te Israel.
Utrulig mykje inntrykk som skal sige inn, nesten meir enn sist gang eg va der, for denne gangen syns eg at eg fekk med meg mykje meir enn sist. Sitte og ser gjennom filmane frå turen, og skrive ned det som vert sagt, sånn at eg på sikt kan tekste filmane og gje dei te besto og besten, men det vert på sikt. Kjekt er det vertfall å sjå dei igjen og igjen, og høyre det som vert sagt mange ganger.
I helga va eg på familieleir på Raknestunet. Det va veldig kjekt. Har reist på familieleir dei siste ca. 10 årene no. Utrulig å sjå korleis alle veks te, og dei som eg passa på mine første familieleirer har begynt å reise på ten-leirer :)
Forrige veke leverte eg problemstilling te ei prosjektoppgave eg ska jobbe med i praksis, og levere rett før jul. Så ska me begynne å skrive på vårt pedagogiske Credo, og så må eg begynne å tenke på Bachelor oppgava, for den ska eg levere problemstilling te i begynnelsen av desember.
På toppen av det heile lure eg på om eg begynne å bli sjuk no, og det er ikkje så kjekt. Te helga har eg arbeidshelg, og så bære det ut i praksis i to veker.
Ellers så fekk Ingrid og Kjell Andre ein gutt, David, forrige veke.
Gratulerer!