I går starta dagen min klokka 05.30. Klokka 06.00 kom det nemlig flyttebil frå Danmark som skulle flytte ut av det andre soverommet eg har. Det har stått fullpakka i ikkje-mine-ting. Dei dreiv og flytta, mens eg satt og jobba. Hadde også besøk av dei oppe ei stund. Når eg endelig gjekk på jobb klokka 09.30 hadde eg jobba i fleire timer og følte klokka var sånn 12.00 på dagen - god start :p men rommet va ferdig utpakka når eg reiste på jobb.
Når eg kom heim tappa eg vatn og grønnsåpe i bøtte og vaska rommet frå golv til tak -støv og spindelvev.
Så fekk eg med meg 2.omgang av ein spennande kamp Godøy - Rollon, som endte 3-2.
I kveld har me starta misjonshelga på Godøya med ein flott lovsangskonsert - mange flotte opptredener.
I måro vert det bilvask, misjonsløp, grilling, misjonstivoli og mykje kjekt. Pengane går til årets misjonsprosjekt på formiddagsmøtene - nemlig Elfenbenskysten. Så det er verdt å støtte!
Det er hardt å vere sjef i flyttebyrå :D