mandag 18. mai 2009

Vel gjennomført 17.Mai

Då va 17.Mai over for i år, og vi kan begynne å tenke på 17.Mai neste år :D


Dagen min begynte 16.Mai. Då va eg i Bergen. Først va me meg, Silje Elin, Kirsten, Kari Anne, Olga Therese og Irene på tivoli, før me gjekk heim te Kari Anne på pizza. Klokka 9 va det tid for Melodi Grand Prix. Me lagde ei tale, der me ga poeng frå 1-6 på bekledning, MP-faktor (her var det vind i håret, glitter, flammer, farger osv som gav poeng), show, tekst, sang, musikalitet og heilhet. Når stemmene blei gitt, va det fram med norske flagg og skikkelig stemning.

Når eg då endelig kom heim etter ein utrulig flott kveld i Bergen, skulle eg legge meg, mens Fairytale surra for fullt i hovet. Det blei ikkje nåkke søvn på meg den natta.

Klokka 06.45 gjekk alarmen på klokka mi, og det var opp for å ete frokost og kle på bunaden. Kjørte te Tørvikbygd, for å rekke barnetoget der klokka 09.30. Etter det hadde eg litt tid te å ete lunsj som eg hadde med meg. Så gjekk turen til Strandebarm, der me spelte utafor kirka, før me gjekk i tog til den nye skulen. Neste stopp på turen var Innstranda, og tid for tog der. Siste stopp var Tørvikbygd, der det va folketog til stemneplassen.

Etter ein lang dag var det godt å sitte nedpå og få suppe, kake og kaffi i bedehuset der, før turen gjekk heim att.
Syns det va for gale å kle seg i bunad berre for å gå i tog, så når eg hadde vore heime i ein halvtime, reiste eg te Bergen og traff Janne Merete på Pastasentralen. Me gjekk litt rundt i byen, og eg fekk ete ein burger. Når me va lei av å gå der, kjørte eg Janne Merete te Kongshaug igjen, og blei sittande der ei stund.

SUM 18 timer med bunad og ein opplevelsesrik 17.Mai. Hadde ein fantastisk dag.

Her e nåkke bilder frå vakre Hardanger, som eg tok når eg va ute og kjørte på Onsdag.



Ingen kommentarer: