mandag 17. august 2009

Kor vart sommaren av?

No sitte eg heime på Blindheim, med ovenen på, og ein kopp med varm kaffi. For litt sidan skein sola, men no slår regnet i bakken.

For å kunne begynne på Førskolelærer må eg ha med meg ein politiattest som viser at eg ikkje har gjort noko gale. Dette har eg glømt, men i dag skulle eg ordne det. Tenkte at dette va nok fort gjort.
Når eg kom på politiet i Knarvik, fekk eg beskjed om at eg måtte ha med meg bevis på at eg skulle begynne på høgskule.

Derfor måtte eg sette meg i bilen, kjøre te åsane igjen, skrive ut opptaksbrevet på samordnaopptak, og så tebake te Knarvik. Kontordama der kjente meg att år eg kom tebake, smilte og sa; har du med deg alt no då? Så måtte eg fylle ut et skjema, og så fekk eg beskjed om at eg får attesten i posten. Som om eg har tid te å vente så lenge!


Lever
attest seinast ved skulestart, står det i opptaket. Så då e det vel bere te å kle på seg det finaste smilet i måro når eg kjem og ikkje har med meg det eg skal ha... :D

Ingen kommentarer: