Ofte går eg i eit spindelvev når eg ska inn, fordi eg ikkje ser det før eg kjenne det klistra opp i ansiktet. Andre plasser kan ein sjå spindelvevet, fordi det heng 20 daue dyr der, ofte langbeiner. Ofte kan eg treffe snegleparade foran døra også. I dag kom det ein snegl på veg ned frå veggen, og ved sida av dørhåndtaket hang det ein stor lysebrun edderkopp, så då skjønte eg at her er det nok spindelvev foran døra, og det va det. Når eg kom inn døra møtte det meg eit uvanleg syn. På golvet rett innafor døra, låg den største billa eg nåkken gong har sett, og det va rett før eg trakka på den, men heldigvis skjedde ikkje det. Billa låg på ryggen og kavde for å komme seg på beina igjen. Imens henta eg kamera mitt, for å forevige denne gigantske billa. Eg lo godt og lenge av at den berre låg der og ikkje klarte å snu seg, men så tenkte eg at den kom nok te å ligge å kave der te den daua, og eg ville ha trakka på den neste gong eg kom inn, fordi eg hadde glømt at den låg der. Derfor va eg så grei med den at eg fann ein boks til å snu den med, og så lurte eg billa te å gå oppi boksen. Når eg hadde gjort det, va det bere te å kaste udyret ut i skogen. Farvel feite bille!! Her e nåkken bilde av den største, mest gigantske billa ever :)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar