Det er rett og slett det at det skjer ikkje så masse nytt og spennende i livet mitt som er nåkke å skrive om. Heller er eg ikkje nåkke flink te å skrive morsomme historier, dei blir liksom ikkje like morsomme på arket som dei er oppe i hovet mitt.
Så derfor har eg ikkje så masse anna å fortelle om, enn skulen. For, ja, der er det masse som foregår. Det er ikkje plass til meir i mitt hove enn det. Ska klare å lære alle desse nye ordene, og i tillegg ska eg vete ka dei betyr.
I løpet av denne helga har eg hekla to luer, som bere gjenstår å syast litt og feste tråder (det kjedligaste gjenstår, altså).
I dag har eg montert nåkken av bildene på veggn på et stort ark. Syns det vart fint eg, og så dette dei ikkje så fort ned då. 
Denne veka kunne eg endelig lese av plussgrader. Temperaturen inne er ikkje nåkke å skryte av, men kan ikkje ha på meir varme når eg vaske kle. No er det forresten for øyeblikket nede i -7,5 grader igjen.

Te helga er det tid for 19+ leir på Raknestunet, og eg glede meg stort. Dette blir ein opplevelse!
1 kommentar:
Da va ett flott skjørt du hadde fått deg =p
Legg inn en kommentar