I går satt eg heime nesten heile dagen. Det va faktisk godt å få slappe av litt, men så tenkte eg at egkunn jo ikkje sitte der heile dagen, så eg bestemte meg for å gå ein tur. Med turbukse, ny raud jakke og joggesko la eg ut på tur mot Vågsbotn. Så fortsatte eg mot Nyborg, og mot Flaktveit. Der va det ein fin dam, så eg gjekk rundt den, og så heim att.
I dag sto eg opp tidlig. Klokka va ikkje meir enn kvart over sju når eg gjekk ut døra. Då kjørte eg og leverte bilen på verksted til halv åtte. Etter det hadde eg god tid, så eg gjekk dei nesten to kilometrane te Åsane Terminal. Fortsatt hadde eg god tid, så eg va på Rimi og kjøpte meg mat, og på Statoil og fylte kakao i koppen. På Terminalen er det ikkje ein einaste benk å sitte på lengre, så eg måtte stå der i ein halv time å vente.
Eg er jo ikkje kjent med å ta buss, så eg sto jo der på terminalen og ante ikkje ka buss eg skulle på, men heldigvis kom det to frå klassen som skulle samme vei, så då va dagen min redda. Eg va glad når eg fekk skyss frå buss-stoppet og bort på parkeringsplassen på skulen :)
Når eg skulle heim att måtte eg på butikken å handle, så derfor gjekk eg av på Nyborg og handla der. Så tenkte eg at når eg først va så godt i gang, så kunne eg gå heilt heim, så det gjorde eg.
Ellers har eg fått et nytt lyspunkt i livet. Det e lyst om morgenen, og lyst te langt på kveld. Eg kan kjenne lukta av nysaga ved, og ser røyken som stige til værs av et bål like ved. Sola kaster skygger bortover bakken. Opp gjennom løvet kjem ein blomst. Ja, det går faktisk mot vår :)



1 kommentar:
Liker ^^
Du skal kje verta sånn ein poet?
Skriva om våren :)
Fine bilde og kult innlegg ;)
Legg inn en kommentar