På torsdag va det jonsok, og den feira eg på Kløve i lag med Janne Merete. Konsert med korpset i gymsalen, og grilling på skuleplassen etterpå. Va med Magnus og Ingeborg som også va der.
No er eg i gang med 100% jobbing. Jobba heile helga, men sidan det ikkje va meir kle i min størrelse på jobb, måtte eg bruke mine egne. Lørdag kveld ette jobb skulle eg i kjellaren å vaske overdelane. Då steig eg inn i ein dam. Det viste seg at det va nåke gale med varmtvannstanken. Søndag dusja eg i lunka vatn, men etter dette hadde eg berre kaldt vatn, fram te rørleggaren va her tirsdag ettermiddag.
Tirsdag kveld va eg heime hjå mamma og pappa og åt pizza. Janne Merete va på UKM landsmønstring i Trondheim i helga. I den forbindelse tok mamma og pappa bobilen te besto og besten og kjørte oppover. Øyvind farter rundt te Kristiansund og Danmark med den nye jobben, så det e ikkje mykje eg ser te familien min.
På lørdag ska tante Inger feire 60- årsdagen sin. Te det ska eg bake ei kake, og så ska eg spele i besøket ilag med ein pianist, så eg må te Kløve og øve på fredag kveld ette jobb.
Eg har irritert meg over summing i stova, men tok lang tid før eg fann ut kor det kom frå; inni vinduskarmen. Hørtes ut som ei flue, og tenkte den snart døde likevel. Men no har eg funne ut at det er et humlebol der inni, så det blir nok ikkje stille med det første...
Neste veke har eg ferie, så på søndag setter eg og Siri Birgitte oss i bilen og kjører sørover. Ska vere ei veke i Lyngdal, for Siri Birgitte ska jobbe på campen. Då ska eg pakke med meg bikini. Fortsatt litt usikkert kor eg ska vere frå søndag te tirsdag; enten blir det Stavanger hjå Ingrid og Kjell Andre, eller Kristiansand hjå Torgeir. Klar for strålende sol og sørlandsvær (håpe det blir fint).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar