torsdag 27. desember 2012

...og så fekk eg...

- ulltrøye med høg hals
- ulltrøye
- dri-fit jakke
- genser
- lenke i kvitt gull te et smykke eg har fått tidligare
- lyskule te å henge i et vindu
- hodelykt som tåler vær og vind
- muffinsformer i silikon
- to engler
- krem fra the body shop

SÅ,
1.juledag våkna eg te dekka bord, og me kosa oss me frokosten. Litt seinare reiste Øyvind og Mirjam og Monika. Då satt meg, mamma og pappa att her. Mamma steikte kalkun te middag (NAM). På kvelden kom Siri Birgitte og John Torjus innom på kaffi. Så kom Fantasi på bordet, og det fekk opp pulsen - trur alle vart nokså engasjert :)

2. juledag va mamma på jobb. Litt utpå dagen reiste eg ut te Tone ein tur for å ta ein kaffi. Når eg kom te Kløve att va Øyvind og Mirjam komme, og raspekakene stod på bordet. Nok ein god middag. Me såg Mr.Bean og spelte Fantasi.

I måro vert nok også ein dag med fullt program før turen går heim att på fredag.

Ingen kommentarer: