Hei Ida Kristin!
Du kjenner ikkje meg- men eg arbeider som barne- og familiekonsulent på NLM sitt hovudkontor i Oslo. Der har eg mellom anna ansvar for Barnas Misjonsprosjekt. Det er prosjekt som borna i organisasjonen samlar inn pengar til, og fylgjer skuleåret.
1.september 2013 skal vi starte opp med å samle inn pengar til prosjekt i Elfenbenskysten og Mali. Og i den forbindelse så har eg eit kjekt spørsmål til deg. Eg har blitt tipsa om å spørje deg, så eg berre går rett på:
Kan du tenkje deg å vere ein av tre, som reiser til Elfenbenskysten ti dagar i april? Tur til Mali- vert det dessverre ikkje, slik situasjonen er der. Om du har lyst til det, så blir det for å hjelpe han som skal filme, og også finne stoff og skrive reportasjar om prosjekta, om landet og om turen.
Artiklane vert i hovudsak brukt i eit spesialnummer av Superblink, som har 16 sider om prosjektet. Dette må vere ferdig skrive i midten av juni.
For ei utfordring! For ein mulighet!
No venta eg bere på telefon, så får eg meir informasjon om dette - spennande er det vertfall :)

3 kommentarer:
Utula ja kjekt:) sikker på det blir en fole flott tur! Gler mej til å høre om den! Klem
Ditta bli nok en spennende opplevelse ja, heldige du :)
Legg inn en kommentar