Den siste veka har eg slitt med tannverk. Tok ei stund før eg fann ut at det va det som plaga meg, fordi eg hadde mest vondt over alt. Trudde først det va halsen og så øyra. Så fann eg ut det va ei visdomstann - og dei pleier å gjere litt vondt når dei vokser (og mine kommer jo visst aldri heilt te overflata). Men så kom eg til at no hadde eg så vondt at eg bestemte meg for å ete suppe. Så då bestilte eg meg tannlege og fekk time i dag. Det viste seg å vere betennelse i ei visdomstann som kommer opp på skeiva. Fekk antibiotikakur for den - og beskjed om at visst tanna fortsetter å stå der kan det vere eg bir plaga med ronisk betennelse - og då må eg kanskje operere den ut. Så no svelger eg tabeletter og skyller med Corsodyl - i håp om at det går over te eg skal te England og besøke Janne Merete på mandag.
Torsdag traff eg på et anna problem. Eg skulle poste visumsøknaden te Elfenbenskysten på vei te jobb. Kvelden før hadde eg vore på Moa og tatt passbilder. I det eg går ut av døra kommer eg på at eg må sende med passet. Og mens eg står der med passet i hånda tenker eg: "Ånei, eg reiser jo te England på mandag - uten pass????".
Så då va det bere å ringe te politiet og høyre ka eg skulle gjere. Joda - eg måtte få meg et nødpass. Selfølgelig måtte eg ha med meg to passbilder. Då hadde eg altså ikkje nok med dei bildene eg tok te visumet. Så torsdag kveld va det inn igjen på Moa for å ta nye passbilder. Fredag tok eg ein tur midt i arbeidstida inn te byn og fekk skaffa meg nødpass. Så no er det i boks.
Eg er jo ein mester i å glømme å lese av strømmen, men i nov/des gjorde eg det. Men skjønner ikkje koffor dei stipulerer strømforbruket mitt så høgt i jan/feb då!??!
Så nåkken bilder frå eg har pynta te påske :)











Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar