Ein tommel opp for Elfenbenskysten. Føles som eg har vore her lenge, for me har gjort sååå masse.
Var først ein dag i Abidjan der me gjekk på markedet, var på kontoret te misjonærene og fekk høre om prosjektet dei holder på med, og så fekk me vere med å vise Jesus film i ein bydel.
Neste dag kjørte me tidlig nordover til Ouanninou, som ligg på grensa til Ny Guinea omtrent. Her har NLM for tida ein misjonær, men tilbake i 2001 var det mange misjonærer her.
I dag kjørte me ut i bushen i Youma, også her budde det tidligare misjonærer, men ikkje sidan 2002. Spennende å vere tilbake. Dårlig vei ut, spesielt når det kom regn. No er me i Man, og ska sove her i natt på hotell :)
Til slutt ein sommerfugl som kom og satte seg ved sida av meg her i sofaen.


1 kommentar:
høyrest ut til å ver en opplevelsesrik tur :)
Legg inn en kommentar