Etter litt forskjellige ting som skjedde, kjørte vi frå Godøya ca. ved midnatt natt til torsdag 9.juli. Då gjekk turen til Kløve. Endte opp med å vere der heilt til søndagen, og brukte dagane til litt forskjellig. Ein dag var me blant anna hjå tante Astrid og onkel Nils Ove.
Der fekk me treffe dei nye geitene deira.
Janne Merete kom heim frå England 1.juli, og fekk treffe Kay Amund for første gang.
Fekk besøkt begge parene med besteforeldre. Her med bestemor og bestefar på Åsgard.
Videre gjekk turen søndag over Hardangervidda til Oslo for å besøke Daniel, bror til Kay Amund. Mandag var me turister i Oslo.
Selfølgelig måtte me ein tur i Holmenkollen.
Tirsdag kjørte vi sørover, til Sverige. Stoppa på Nordby og shoppa litt, så kjørte vi gjennom Grebbestad og Fjellbacka til Gøteborg. Her fant me ein campingplass, og bestemte oss for å slå opp telt.
Vi gjorde det meste ein ikkje skal gjere på ein campingplass med erfarne campere. Me åpna vår fullstappa bil....tok ut et heilt nytt telt...og begynte å slå opp teltet....måtte til og med sjekke bruksanvisningen som hadde ramla ut når vi åpna teltet. Når i endelig hadde fått opp teltet, tok vi ut dei to luftmadrassene vi hadde...den eine heilt ny, innpakka i plast. Eg hadde fått med meg ei heimefrå, og i samme pose låg ei pumpe...så me pumpa, men luftmadrassa blei ikkje større...me begynte å blåse dei opp...då kom campingnaboen vår med ei pumpe me kunne låne....endelig ferdig. Så tok vi ut vår dyne og pute og la i teltet. Så kunne eg ta ut tinga mine, som forresten var pakka i store blå IKEA-poser i mangel på bag. ERFARNE CAMPERE!! - ALLTID BEREDT!
Onsdag sto vi opp tidlig og spiste frokost (skive med nugatti) i teltet. Så kjørte vi inn til sentrum til Liseberg.
Denne drar deg 140 meter opp i lufta og slepper deg i 110 km/t ned igjen.
Eg står på ski!
På kvelden spiste vi på Hard Rock Cafè.
Torsdag va det tid for sightseeing i Gøteborg. Vi kjøpte oss Gøteborgpass, slik at vi kunne gjere fleire ting og spare penger (på sunnmørsk vis).
Først var vi på Universum. Der var det akvarium med fisker og haier. Så var det ein avdeling med slanger og skorpioner og andre farlige små kryp. Så var vi i jungelen som gjekk over tre etasjer, der aper, fugler og diverse gjekk fritt.
Så var det ein avdeling med meir leik og moro, f.eks krimlab.
Seinare på dagen tok me ein båttur rundt på elva i "paddan". Kjørte under 19 bruer på turen, deriblant Gøteborgs lavaste bru, som er så lav at vi måtte sette oss ned på golvet.
Fredag kjørte vi nordover igjen, og spiste lunsj i Uddevalla. Stoppa til slutt i Strømstad og tok inn på et vandrehjem, med basseng utafor. Veldig fint der.
Lørdag var vi på Nordby igjen, og så kom Daniel, Christian, Mads og Line der og tok båten frå Strømstad til Sandefjord med oss.
Alle sammen på båten.
Videre kjørte vi innom tante Elisabeth og onkel Gunnar, og traff også Randi, Tom Roger, Miriam og Oline der.
Så kjørte vi til Kristiansand til Lene Marie og Torgeir.
Søndags formiddag på Høllen.
Mamma og pappa var også hjå Lene Marie og Torgeir.
Søndags ettermiddag med middag på Amigos.
Mandag var det tid for shopping igjen. Gjekk gjennom Sørlandssenteret og var innom IKEA. Fekk kjøpt litt gaver.
Tirsdag var vi innom der foreldra til Lene Marie bur og helste på hundene deira og kvalpane, så gjekk vi ei stund i sentrum i Kristiansand. Gjekk ein tur i nabolaget til Lene Marie og Torgeir.
Onsdag kjørte vi videre til Lyngdal der mamma og pappa var med campingvogna. Fekk med oss åpningsmøtet på Generalforsamlinga til IMF. Så sov vi i forteltet.
Etter to bibeltimer på torsdagen, kjørte vi ein tur til Farsund og spiste lunsj der.
Kan bli litt løyen av sååå mykje sol vi fekk på ferien.
Fredag kom Torgeir (som KA har gått på Hald med) innom på kaffi i Lyngdal. Etterpå kjørte vi til Egersund og var innom tanta til KA der.
Så var det rett til Sandnes og sjekka inn på hotell der. Var ute på kafè med KA, Ingun, Daniel og Karoline. Så var vi på Klepp til kveld hjå foreldra til Ragnhild (bruden).
Lørdag var det bryllup på programmet. Ragnhild og Nils Ove gifta seg. KA var forlover.
Pynta til fest
Kay Amund, Ida Kristin, Karoline og Daniel
Så kjørte vi til Nærbø til Ingrid og Kjell Andre og David.
Meg og Ingrid
Mandag reiste vi frå Nærbø. Var innom på Karmøy og henta nåkken ting der til Janne Merete. Så stoppa vi i Haugesund hjå Katrine og Stian, der vi fekk deilig middag, og kaffi etterpå.
Kjørte nordover til Bergen og var innom på hybelen til Janne Merete. Ho hadde baka ostekake på bursdagen dagen før. Vi tok ho med oss ut på Peppes og åt deilig dessert.
Landa for natta på Kløve.
Tirsdag var vi innom tante Inger og der var også Irene, Magnus, Ingeborg og Angelica, så der stoppa vi og åt kake, før turen heim att til Godøya.










1 kommentar:
til å miste pusten av :)) men ser dokke he hatt ei innholdsrik og aktiv ferie :)
Legg inn en kommentar