På fredag reiste eg te Sogndal på besøk te Siri Birgitte.
Fredag kveld va det spelekveld, der det gjekk i Amerikaneren. Vart ein sein kveld.
Lørdag va det tidlig opp for å lage te bønnevandring på SIM (Sogndal Indremisjon) te lovsangsmøte på kvelden. Så va me å handla litt, før me gjekk bort te Andrè for å lage lammelår te middagsselskap. Det blei suksess, og det va fullt rundt bordet. Etter dette va me på lovsangsmøte på SIM, og der traff eg Markus, som har flytta te Sogndal for å studere. Han blei eg kjent med når eg gjekk på KRIK på Bildøy, då han gjekk på KRIK på Nordfjord. Så va det kake og kaffi heime hjå nåkken etterpå.
Søndag va me tidlig oppe fordi me skulle på fjelltur. Fjellturen blei avlyst, men meg og Siri Birgitte gjekk på fjelltur likevel. Me veit desverre ikkje ka fjell me har vore på. Så va det graut og fullt hus hjå Andreas og Audun. Etter dette tok eg turen heim, etter ei helg med fullt program, men veldig masse kjekt...


