søndag 21. juni 2015

Universal

I dag har me vore i Universal Islands of adventures. Her var Marvels, jurassic park og Harry Potter blant anna. Tok nåkken vanvittige berg og dalbaner og nåkken vannbaner. Klissevåte, men heilt greit i denne varmen. Kom litt regn, og då stoppa alle utendørsbaner. Etterpå var det kort ventetid, så vi tok ein raftingbåt der me trudde me kom til å bli litt våte, men etterpå hadde me ikkje ein tørr tråd på oss. Så då kjøpte me kvar vår nye t-skjorte :) 


Hulk berg og dalbane






Meg som dinosaur. 

Kay Amund som dinosaur. 

Comic land



Harry Potter land.

Utrulig artig innendørs delvis film og karusell i Harry Potter land. 

Kopper med gratis påfyll heile dagen. 

Nye T-skjorter og ny hånduk :) 


lørdag 20. juni 2015

Sea World

I dag har me brukt så godt som heile dagen i sea world. Va strålande vær og lite folk i parken. Kort ventetid på attraksjoner. Var på delfinshow og spekkhoggershow. Og så tok me artige baner, den eine trudde eg at eg skulle dø før me hadde begynt på, og så viste det seg at den ikkje va så gale som eg trudde. 
I halv seks-tida begynte det å regne litt, og då stoppa alle attraksjoner og alle kiosker stengte. Skulle på sjøløveshow, men på grunn av været (det lynte og tordna ein del også) så vart det utsatt, men sia været ikkje såg ut te å bedre seg gjekk me frå parken då me tenkte showet sikkert vart avlyst likevel. 
Reiste rett til outlet senter og brukte dei neste timane på shopping. Godt slitne når me kom tilbake til hotellet etter ca.12 timer ute. 

Delfinbasseng


Arktiske dyr, sel

Utrulig facinerende og flott spekkhoggershow. For nokre dyr!

Her vart me godt våte. 

Delfinshow framført som ein musikal med trapesartister svømming med delfiner, jetskiing på delfiner, hopping, skvetting, dansing, papegøyer og mykje meir. 



Utrulig store skilpadder. Komme til sea world pga. Ulykker som har gjort det vanskelig eller umulig å leve fritt. Ein var ramma av oljesøl, ein var blitt truffe av ein båt og får knust deler av smellet sitt. 

Flamingo

Sjøløve

Flott dag, slitne og fått masse sol og varme. 

fredag 19. juni 2015

Arriving Orlando

I dag tok me fly til Orlando frå New York. Dette var ein to-tre timers flytur. 
Temperaturen som møtte oss her va litt annleis enn me er vant med. Rundt 35 grader og sol. Brukte ettermiddagen på å sjå oss litt rundt, ete lunsj på TGI's, bade i bassenget på hotellet og bruke litt tid i spillrommet på hotellet. 


Når Per kom gjekk me bort på universals og åt på Hard Rock Cafe. 
Kjekt å sjå alt livet der borte på kvelden. Bestilte oss burgere, min glutenfri. Når eg fekk burgeren min delte eg den i to, og syns den såg overraskende god ut, ja, faktisk såg den litt FOR god ut. Så spørte kelneren om den virkelig va glutenfri. Jo han hadde ringt det inn til kjøkkenet. Forklarte at eg ikkje syns den såg gøutenfri ut, den var rett og slett litt seig, ganske lik Per og Kay Amund sin. Kelneren tok med seg maten, og kom tilbake og kunne fortelle at det hadde skjedd ein feil. Slik fekk eg gratis middag på Hard Rock Cafe. Dei måtte lage ny, og når gutta va ferdig å ete fekk eg maten min. Men maten va god. 




torsdag 18. juni 2015

Over dammen

Me har lagt ut på ferie, dette året over dammen, så no e me akkurat sjekka inn på best western like ved flyplassen. Tok shuttel-buss fra flyplassen te hotellet, så vi slapp taxi-reprise fra 2011 når me va her, Tone :) 

Reiste med british airways te London og videre med american airlines. På det lengste flyet kunne eg på forhånd bestille glutenfri mat ombord. Dette fungerte veldig bra. Hadde flotte plasser, bakerst i flyet, så litt kjedelig at eg fekk maten min først og Kay Amund heilt til slutt. Virka også som dei hadde kombinert meny for laktosefritt og glutenfritt, for før me lands fekk me mat, men Kay Amund fekk også is med i sin meny. Dette ordna seg, for set var berre å spørre etter is (og den va god). 

No ska me slappe av før turen går videre i måro te Orlando. 

Egen meny på flyet. 


Flott solnedgang når me nærma oss land. 

tirsdag 9. juni 2015

Snart USA

Då er det rundt ei veke til me reiser avgårde på årets ferie, som går til USA.
Følg med på bloggen for oppdateringer undervegs.

Onsdag 17.juni: 
Avreise frå Flesland kl. 11.30. Etter ein mellomlanding i London ankomst New York kl. 20.00.
Sjekke inn på Best Western JFK Airport Hotel.

Torsdag 18.juni: 
Avreise frå New York til Orlando kl. 11.00. Ankomst Orlando 14.00. Der møter vi Per Oddvin.
Sjekke inn på Holiday Inn Hotel and Suites.




Fredag 19.juni: 
Besøke ein av parkane i Orlando.

Lørdag 20.Juni: 
Besøke ein ny park i Orlando.

Søndag 21.juni: 
Enda ein park i Orlando skal besøkes.

Mandag 22.juni: 
Vi (IK, KA og Per) forlater Orlando og flyr via Denver til Las Vegas kl. 08.30. Ankomst Las Vegas 14.00.
Vi treff Ellen og Chris her og leier ein bil.


Vi sjekker inn på spasuite på New York-New York.

Tirsdag 23.juni: 
Kjøretur til Grand Canyon.

Onsdag 24.juni: 
Nyte livet i Las Vegas.

Torsdag 25.Juni: 
Vi kjører til Los Angeles.
Vi sjekker inn på Hollywood Stars Inn. 




Fredag 26.juni:
Six Flags.

Lørdag 27.juni: 
Vi kjører langs kysten til Pacific Grove.
Vi sjekker inn på Lighthouse Lodge and Cottages. 


Søndag 28.juni: 
Slappe av i Pacific Grove

Mandag 29.juni: 
Vi kjører videre til San Jose.

Tirsdag 30.juni: 
Kjører siste stykket inn til San Fransisco.
Vi sjekker inn på Travelodge Central San Fransisco.




Onsdag 1.juli: 
Slappe av i San Fransisco.

Torsdag 2.juli: 
Vi flyr alle sammen til Washington DC kl. 09.30. Ankomst kl. 18.00.
Vi sjekker inn på Courtyard Washington Embassy Row by Marriott. 



Fredag 3.juli: 
Det hvite hus og andre kjente bygninger.

Lørdag 4.juli: 
4.JULI. Forhåpentligvis parader og fyrverkeri.

Søndag 5.juli: 
Vi tar buss til New York.
Vi sjekker inn på Manhattan NYC- Affinia Hotel. 




Mandag 6.juli: 
Disponibelt i New York.

Tirsdag 7.juli: 
Disponibelt i New York.
Per Oddvin, Ellen og Chris reiser heim. 

Onsdag 8.juli:
Disponibelt i New York

Torsdag 9.juli: 
Disponibelt i New York

Fredag 10.juli: 
Disponibelt i New York

Lørdag 11.juli: 
Disonibelt i New York

Søndag 12.juli:
Vi forlater New York og flyr kl. 22.00.

Mandag 13.juli: 
Ankomst Flesland kl. 19.45.  

Og så blir vi ei veke i Bergen.

torsdag 21. mai 2015

Bilder

Her kjem litt forskjellige bilder. 

I påska var me sørover og va blant anna innom hjå bestemor. Ho va i storstrøk. 

1.mai feira me bursdagane våre med fullt hus heile dagen. Her er pause mellom selskapa med Wii. 


Familieselskap med lunsj....

...og kaker. 

Så var me ein tur te Innfjorden og besøkte Ingrid og Terje. 




tirsdag 19. mai 2015