Temperaturen som møtte oss her va litt annleis enn me er vant med. Rundt 35 grader og sol. Brukte ettermiddagen på å sjå oss litt rundt, ete lunsj på TGI's, bade i bassenget på hotellet og bruke litt tid i spillrommet på hotellet.
Når Per kom gjekk me bort på universals og åt på Hard Rock Cafe.
Kjekt å sjå alt livet der borte på kvelden. Bestilte oss burgere, min glutenfri. Når eg fekk burgeren min delte eg den i to, og syns den såg overraskende god ut, ja, faktisk såg den litt FOR god ut. Så spørte kelneren om den virkelig va glutenfri. Jo han hadde ringt det inn til kjøkkenet. Forklarte at eg ikkje syns den såg gøutenfri ut, den var rett og slett litt seig, ganske lik Per og Kay Amund sin. Kelneren tok med seg maten, og kom tilbake og kunne fortelle at det hadde skjedd ein feil. Slik fekk eg gratis middag på Hard Rock Cafe. Dei måtte lage ny, og når gutta va ferdig å ete fekk eg maten min. Men maten va god.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar