søndag 28. juni 2009

Det e ganske meningsfylt å ha et sosialt liv

Liten oppdatering på ka eg har gjort etter eg va på studietur kjem her, med bilder.

Dagen ette eg kom heim, va meg og Silje Elin på avslutning hjå Karen Sofie. Der snakka me om året som har gått, og lagde ein liten rapport frå året. Me hadde med eit album te Karen Sofie med bilder av meg og Silje Elin, ein liten bildeserie. Veldi morsomt syns me vertfall :D

Etter det reiste eg som forelder (i staden for mamma) med søstra mi, Janne Merete på NM med skulekopset, i Stavanger. Korpset gjorde ein kjempebra konsert på scena. Dei spelte tidleg lørdagen, så me hadde heile ettermiddagen til shopping og så åt me på Peppes Pizza med Kim og Vegard.

Festkonserten va i IMI-kirken. Der hadde Eikanger-Bjørsvikmusikklag konsert, Piero og Blip va der, Lydia sang, og vår kjære dirigent, Knut Harald Rydland måtte fram på scena, og blei takka for mange år med god innsats. Han er no gått inn i pensjonist-tilværelsen. Frode Rydland og Grethe Tonheim framførte ein duett for han. No ska Magnus Brandseth overta som dirigent. Han hadde show med Piero og Blip, og han er utruleg flink på tuba. Det såg ut som musikantane i skulekorpset gleda seg te å få han te dirigent.

Etter festkonserten va det ut på Peppes Pizza for å ete. Knut Harald vart takka av musikantane, og han ønskte dei lykke til vidare. Korpset endte dette året på ein 6.plass i 1.divisjon.

Korpset øver på hotellet fredagskvelden.

Janne Merete i uniform, klar te konkurranse.


I oppvarmingsrommet.


Janne Merete og meg på shopping i Stavanger.

Janne Merete på festkonsert.

Knut Harald blir takka på scena.





I går va eg heime i Olahølo med familien. Janne Merete hadde besøk av Knut, som ho har gått på Kongshaug med. Me bada og grilla. Eg fekk flis i foten, og det va VELDIG vondt, for den va SYYYKT stor, og den gjekk rett inn i foten, så eg går fortsatt litt halt på foten, men flisa e ute.


Seinare, når me va komme heim, satt me på terassen og drakk kaffi. Då kom Therese innom, og så gjekk me ein tur. På veien traff me på Tarjei og Vegard. Dei blei med meg heim, og så hadde me fest på terassen der, med vatn, fruktbjørner, chips og rømmedip. Det tok heilt av.

I dag har eg vore i Bergen med Monica. Me va først på torget og åt is, og så gjekk me litt rundt i Bergen, satte oss på ein benk, så eg fekk drikke kaffi.

Så skjedde det at me såg ein buss som gjekk te Ulriken, og då tenkte me at det kan me jo, så då forsvant me på Ulriken. Der åt me is, igjen, drakk cola og kaffi. Mens me satt der hadde me masse underholdning med diverse turister som va der. Tidenes sitat blei også hørt:

"Det e ganske meningsfullt å ha et sosialt liv"

Etter ein time eller to tok me bana ned igjen, og eg satte kursen heimover igjen.



Meg og Monica ska på Ulriken.



Der e Bruse, mens me tok Perle




Jaaa, me kom oss heile te toppen.


Meg og Monica på toppen.


1 kommentar:

Jannemeretr sa...

ÅÅ, eg har endå ikkje vore på Ulrikken!