lørdag 4. juli 2009

Olahølo

Badeparadiset, Olahølo. Eg tok med meg pappa i Olahølo for å bade og grille i dag.

Eg e så heldig at eg har ein onkel, som har ein eiendom ved Tveitavatnet. Her står det ei hytte, utafor e det ein stor terasse og ein stor plen. Så er det laga til med steiner til bord og stoler. Ute på vatnet ligg det ein flåte me kan hoppe frå. Så er det ein litt sørre flåte med motor på som me kan kjøre ut på vatnet med. Den er laga til slik at onkelen min, som sitte i rullestol, kan komme seg ut på tur. Her har me vore mange lange sommerdager i oppveksten.

No er me ikkje der like ofte. Det er det mange grunner til. Men i dag tok meg og pappa turen i Olahølo. Vatnet målte 26 grader, fin badetemperatur. Eg hadde med pølser som me grilla, så me hadde ei fin stund der. Etterpå reiste me heim og drakk kaffi på terassen.

No er eg komme heim, og skal snart legge meg. I måro er det jobb igjen, og så har eg fri på mandag.

1 kommentar:

Jannemeretr sa...

Olahølo! <3

Herlig at du holder pappa litt med selskap når han e åleine.
Hørtes idyllisk ut med 26 grader i vatnet!
Håper du har det bra! <3