torsdag 18. november 2010

201

No er det på tide med ein oppdatering her, og oppdaga at dette er innlegg nummer 201 på bloggen :)

Forrige torsdag var eg i Bergen for at Kristina skulle klippe meg. Ho går på frisør, og trengte ein modell. Eg er ikkje redd for håret, så ho fekk sleppe til slik ho ville, stort sett, og fornøyd vart eg.


Torsdagskveld begynte ungdomsmøtehelg i Knarvik Misjonshus der Karen Sofie talte om å "gi alt". Utrulig bra taler. No gjelder det å etterleve i praksis. Lørdag morgen var eg på jobb og møte att på kvelden. Den kvelden kjente eg at eg fraus, og når eg skulle legge meg målte eg teperaturen, og riktig nok hadde eg feber.

Søndag våkna eg og litt dårlig, men måtte ringe jobb og sei eg var sjuk. Utover dagen vart eg dårligare og dårligare, så når mamma var ferdig på jobb henta ho meg. Så låg eg heime og var sjuk heile mandag og heile tirsdag. Gjekk glipp av siste kvelden på ledarskulen.

Tirsdag tok eg ein kikk i den vonde halsen min, og skjønte at her er ikkje ting slik dei skal vere. Derfor kjørte mamma meg på legevakten på kvelden og eg fekk antibiotika mot streptokokker. Han lurte på om det kunne vere kyssesjuke eg hadde. Korleis det, spørte eg? Nei, om eg hadde fått meg ny kjæreste i det siste. Næææei. Verfall kunne han ikkje teste meg for det før det var godt vertfall ei veke, så eg fekk prøve denne antibiotikakuren om den hjalp.

Onsdag følte eg meg så bra at eg åt middag, men på kvelden fòr feberen til værs igjen, det meste eg har målt denne veka, men den forsvant fort igjen. Torsdag va eg nesten frisk, trur eg. Vertfall ville eg det så gjerne. Pappa kjørte meg te Åsane på kvelden.

No har eg vaska ei maskin med tørrvask (glømte å skru på vatnet) og tre maskiner etter det med kle. Så har eg begynt å pakke litt, for i måro reise eg til Sogndal på 17 <-> 30 lei :) Og, ja, eg er frisk nok til det. I dag er eg fri for feber, og halsen er nesten heilt bra igjen. HURRA. På tide etter nesten ei veke med vond hals og feber.

1 kommentar:

Jannemeretr sa...

Jippii!
Endelig fekk du fingen ut og viste verden kor fin du va blitt på håret!

Eg VISSTE du hadde fått deg kjæreste! Tyypisk deg... Ånei ! =p

Godt du blir frisk!! =)
Ha ei fin helg !
E glad i deg, søsta <3