søndag 7. november 2010

Familieleir

Eg har vore på familieleir- uten familien min!

Nok ein familieleir er overstått, og eg har gjort min insats i barnearbeidet. Tema for barnsamlingene var Daniel. Eg fortalte om når Daniel måtte reise til Babylon og når vennene hans havna i ildovnen, men kom ut igjen uten å ha brent seg, fordi Jesus passa på dei.

Det var full leir, med mange små barn, Veldig kjekt.
På kveldane hadde me samling for dei eldste barna og barnepassarane. Første kvelden skulle me vise film, men så virka ikkje prosjektoren, så derfor måtte me finne på nåkke anna. Derfor improviserte meg og Astrid ein mini-leirfest :)


No har eg kvilt ut att og er klar for 6-timars seminar på skulen i måro om likestilling i barnehagen.

Ingen kommentarer: