The BIG happening. Et av måla med turen.
I dag stod vi opp og åt frokost på "hotellet" - ja i hermetegn. Fordi:
- i går når dei andre sjekka inn sprang det tre rotter forbi utafor.
- Kay Amund kom forskrekka opp att når han hadde sjekka inn, då det va ei rotte inne i resepsjonen.
- i da når me skulle gå, såg vi ei av stuepikene gå gjennom bosset og lette etter sånne "hotellpakker" (sjampo, våtservietter osv.), tørka av dei, og la dei i bunken med nye, slik at dei kunne leggast ut på nye rom.
- ein tur gjennom gata, og ingen du treff har noko anna buplass enn på gata.
Ja, ikkje akkurat så høg standard her.
Tok trikken opp til pierane. Bestilte oss ein tur med Rocket Boat. Den kjørte i voldsom fart ut i havna og hoppa og leika seg. Va kjekt.
Etterpå gjekk meg, Kay Amund og Per og leigde oss sykla. Sykla til Golden Gate Bridge og halvveis over. Videre sykla vi til Golden Gate Park. Leverte syklane der. San Fransisco er ingen flat by, så det er tungt å sykle.
Gjekk videre til Alamo Square Park det introen til "under samme tak" (Full House) er spelt inn. Gjekk så og fann oss ein buss og åt pizza til middag. No er vi lagt oss. Og enda nokre grunnar til at dette er et "hotell". Fordi:
- senga er knøttlita og dårlig.
- mykje trafikkstøy.
- vi kan nesten høyre dei på naborommet kviskre.
- dei oppe høyres ut til å ha flyttekalas.
- vifta durer, kjøleskapet durer....
Kan sikkert komme opp med fleire grunner etter kvart, men i måro skal vi tidlig opp og ta fly til Washington DC. Då skrur vi klokka 3 timer tilbake.
Båten vår, med plass til ca. 100 Stk.