Va innom i Little Italy og gjekk så videre til Century 21. Der traff vi Per, og tok ein lunsj med han.
Etter lunsj gjekk vi ned på Ground Zero. Va også inne på 9/11 memorial. Denne hadde dei ikkje fått i stand sist eg va der. Imponerande kor mykje dei har fått samla av gjenstander, bilder og bakgrunnshistorier frå omkomne, vitneskildringar osv. Det var så mange historier å gå gjennom at eg er sikker på ein kunne brukt ein heil dag der. Heile museumet låg under jorda i ruinene av tårna. Dette er sterke historier frå mi levetid- dette er ny historie. Sterke bilder og lydopptak.
Va på Century 21 etterpå og kjøpte oss ein ny koffert slik vi hadde planer om. Har klart oss med ein koffert på deling fram til no, men kjem oss ikkje heim att uten denne nye.
Etter å ha dusja og slappa av va vi uptown på Rockefeller - rop of the rock. Nydelig på kvelden med alle lysa.
Strevde ned å finne oss nåkke å ete i kveld, så endte opp på Shake Shack.



2 kommentarer:
Ka objektiv har de kjøpt til kameraet?
Hadde ikkje tenkt å bruke så mykje penga på det, så endte opp med et 75-300 mm.
Legg inn en kommentar