Litt utpå dagen ankom vi New York. Siste stopp på denne turen, men vi skal ikkje heim att enda. Va ute og kikka litt på byen i går.
Va på Hard Rock Cafe og fekk dårlig service. Først sa dei til Ellen og Chris at det va 90 min ventetid, så vi drøye litt med å gå frå hotellet. På veien ringte Ellen at dei hadde fått bord etter berre ein halvtime, men dei fekk ikkje holde det i meir enn 10 min visst ikkje alle 5 va dukka opp, så då jogga vi til Times Square. BeStilte oss mat, og eg spørte ka eg kunne få som var glutenfritt, og spørte om den retten eg hadde tenkt å bestille. Når vi fekk maten va det strødd fritert løk over heile tallerken. Fekk kontakt med servitøren og gjorde ho oppmerksom på feilen. Ho tok maten med seg og sa ho skulle få tak i ny te meg- bere et par minutter. Beste gang ho gjekk forbi; -så sorry, straks no.
Tida gjekk og dei andre hadde spist opp så kom maten min. Spiste opp åleine og så kom rekninga på bordet; -tips er ikkje inkludert, men de har to alternativ her.
På rekninga va det forslag om tips på 18 og 20% i tips og kor mange dollar det vart. Maten min som eg åt åleine etter dei andre va ferdig å ete, som kom etter 20 min- den betalte eg 25 dollar for! Og i tillegg venta ho at vi ska betale minst 20 dollar i tips!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar