mandag 27. juli 2015

Høgt og lavt i Valldalen

Denne helga va me i Valldalen på camping, heile familien. Lørdag va me i klatreparken som er der. Veldig kjekt! Den vanskeligste løypa va faktisk ganske tung. Store og små kosa seg. 










søndag 12. juli 2015

Innspurt

Siste heile dagen vår i New York va dett av til shopping. Va på Macy's det Kay Amund handla ein heil del (som vanlig), mens eg nesten ikkje fann meg nåkke (som vanlig). Reiste Downtown etterpå for å smake Crepes (Downtown e plassen du må for å finne glutenfritt av litt meir kvalitet og kvantitet). Dei va god. 
Så suste vi opp att og gjekk i Empire State Building. Flott utsikt.
På vei tebake shoppa eg litt meir (fann endelig nokre kle eg likte), berre 2 bukser, et skjørt, 2 singlet ca. 
Middag på steakhouse. Det va så billig (i forhold til forrige gang) at vi måtte lage dette bilde te Per: 


Oss to i Empire State Building. 

Kem har shoppa mest? Meg eller Kay Amund? 

lørdag 11. juli 2015

Frå Yankees til Finding Neverland

I går reiste vi avgårde med subwayen til the Bronx, til Yankees Stadion. Kjøpte biletta og syns vi fekk nokså gode plasser. På vei inn fann vi ein grillbar med kun glutenfri mat det eg kjøpte meg ein turkeyburger. Kay Amund slo til med ekte amerikanske vafler med kylling. (Og selfølgelig kjøpte vi oss Yankees t-skjorter og hadde på). 
Heldigvis satt det ein ved sida av Kay Amund som kunne forklare oss litt av spillet. Yankees vann! Utrulig mykje underholdning underveis, så klokka gjekk fort. 
På vei tilbake stoppa vi i SoHo for å shoppe litt. På kvelden gjekk vi ut på ein italiensk restaurant og spiste pasta med kjøttboller. 

I dag gjekk vi opp i Central Park. Traff på nokon som hadde et show der dei dansa og triksa. Kay Amund blei plukka ut som frivillig, men va dessverre ikkje ein av dei heldige som stod igjen til slutt og vart hoppa over. 
Så gjekk vi til Times Square og kjøpte biletta te musikal. På vei heimover stoppa vi og handla litt, blant anna gåver til alle nevøer og niesa vår. Heldige dei! 
Rakk innom på hotellet før det var ut igjen for å gå på musikal. 

Ida Kristin og Kay Amund på Yankees-kamp. 

Yankees vafler og kylling. 

God utsikt. 

Foran stadion. 

Empire state Building i tåke. 



Ida Kristin og Kay Amund i Central Park. 



Klar for musikal. 

onsdag 8. juli 2015

9/11

Dagen begynte i med litt rusling i nabolaget (kjøpte linse, filter og minnekort til kamera) , før vi tok turen til Chinatown. Syns det va langt mindre imponerende her no, enn sist eg va her. Alle butikker selger souvenirer fra New York, og veldig lite av det du finn her er fra Kina. Einaste som minner om Chinatown er bokstavene og menneska her. 
Va innom i Little Italy og gjekk så videre til Century 21. Der traff vi Per, og tok ein lunsj med han. 
Etter lunsj gjekk vi ned på Ground Zero. Va også inne på 9/11 memorial. Denne hadde dei ikkje fått i stand sist eg va der. Imponerande kor mykje dei har fått samla av gjenstander, bilder og bakgrunnshistorier frå omkomne, vitneskildringar osv. Det var så mange historier å gå gjennom at eg er sikker på ein kunne brukt ein heil dag der. Heile museumet låg under jorda i ruinene av tårna. Dette er sterke historier frå mi levetid- dette er ny historie. Sterke bilder og lydopptak.
Va på Century 21 etterpå og kjøpte oss ein ny koffert slik vi hadde planer om. Har klart oss med ein koffert på deling fram til no, men kjem oss ikkje heim att uten denne nye. 
Etter å ha dusja og slappa av va vi uptown på Rockefeller - rop of the rock. Nydelig på kvelden med alle lysa. 
Strevde ned å finne oss nåkke å ete i kveld, så endte opp på Shake Shack. 

One World Trade Centre. 

Utsikt frå Rockefeller. 


tirsdag 7. juli 2015

Brooklyn

I dag var eit av måla å ta oss ein tur til Brooklyn. Reiste ned alle sammen og tok Staten Island Ferry over for å sjå Frihetsgudinna i forbifarten. Så gjekk meg og Kay Amund langs South St. og over Brooklyn Bridge. Fann oss lunsj i Brooklyn og gjekk så langs promenaden slik at vi såg over til Manhattan. Tok subwayen tilbake på rett side. Så va vi på Century21 der Kay Amund handla seg masse nye kle. 
Seinare va alle ute og åt indisk mat i Greenwich Village og hadde ein flott spasertur tilbake. 

Frihetsgudinna. 








mandag 6. juli 2015

Washington Deluxe

Vi for tidlig avgårde for å ta bussen frå Washington DC. Busselskapet hadde lova oss flotte busser. Vi fekk ein litt eldre, uten særlig mange fasiliteter. 
Litt utpå dagen ankom vi New York. Siste stopp på denne turen, men vi skal ikkje heim att enda. Va ute og kikka litt på byen i går. 
Va på Hard Rock Cafe og fekk dårlig service. Først sa dei til Ellen og Chris at det va 90 min ventetid, så vi drøye litt med å gå frå hotellet. På veien ringte Ellen at dei hadde fått bord etter berre ein halvtime, men dei fekk ikkje holde det i meir enn 10 min visst ikkje alle 5 va dukka opp, så då jogga vi til Times Square. BeStilte oss mat, og eg spørte ka eg kunne få som var glutenfritt, og spørte om den retten eg hadde tenkt å bestille. Når vi fekk maten va det strødd fritert løk over heile tallerken. Fekk kontakt med servitøren og gjorde ho oppmerksom på feilen. Ho tok maten med seg og sa ho skulle få tak i ny te meg- bere et par minutter. Beste gang ho gjekk forbi; -så sorry, straks no. 
Tida gjekk og dei andre hadde spist opp så kom maten min. Spiste opp åleine og så kom rekninga på bordet; -tips er ikkje inkludert, men de har to alternativ her. 
På rekninga va det forslag om tips på 18 og 20% i tips og kor mange dollar det vart. Maten min som eg åt åleine etter dei andre va ferdig å ete, som kom etter 20 min- den betalte eg 25 dollar for! Og i tillegg venta ho at vi ska betale minst 20 dollar i tips! 


søndag 5. juli 2015

4th of July

For ein dag! For ein opplevelse!
I dag har vi feira Independence Day i Washington, DC. Dagen begynte med parade. Vi stilte oss opp i god tid og fekk plasser heilt framme ved vegen. Då vi stod opp pøsregna det, så vi kledde litt på oss. Når paraden begynte kikka sola fram og vi kasta av oss litt kle. Vi hadde jo sjølvsagt ikkje smørt solkrem på oss, og etter å ha sett på parade i 3 timer viste raudfargen godt. Etter ein snartur på hotellet gjekk vi ut att og vandra litt rundt. Meg og Kay Amund vart då ståande værfast ved eit leilighetskompleks ganske langt frå hotellet. Gått fuktige kom vi tilbake til hotellet og fekk skifta før vi gjekk ut att for å ete middag. I dag vart det biff på ein litt finare restaurant - det va jo ingen hvilken-som-helst dag. 
Fant oss så plass nede i parken for å sjå på et spektakulært fyrverkeri som ifølge våre kilder koster 1 000 000 dollar! 


Vi venter på parade. 

Ballonger, dansing, korps, drill, og mykje meir, ja, til og med eit korps frå Trondheim i paraden. 


Værfaste. 

Finare middag ute. 

Venter på fyrverkeri. 






lørdag 4. juli 2015

Indiana Jones

I dag hadde vi ein rolig morgen. Hadde frokostkaffien på Starbucks. Så gjekk vi på National Geografic på Indiana Jones Expidition. Va filma og lydklipp frå filmen og folk som fortalte og viste frå bak scena og om historie og gjenstander bak filmen. 
Etterpå vandra vi rundt i byen, ned til Det Hvite Hus, bortover The Mall, så gjennom Chinatown, va innom Walmart og ned til The Mall igjen og bort og såg over til Jefferson Memorial. 
Åt alle sammen middag på Hard Rock Cafe i kveld. 


Kay Amund og Indy. 

Kay Amund ved Det Hvite Hus. 

Ekornet poserer for meg :) 

Washington Monument. 


Inngangen til Chinatown. 

Jefferson Memorial. 

Middag på Hard Rock.