onsdag 15. desember 2010

15.desember














Høyr kor englar syng frå sky:

Krist er fødd i Davids by,

kjem med frelse til oss ned,

gir oss med Gud Fader fred

Glade alle folk stig fram,

for å hylle det Guds Lam.

Kom, ver med i dette kor

som no tonar over jord.

Syng med englar høgt i sky:

Krist er fødd i Davids by.


Krist av englar ære får,

Krist er evig Herren vår.

Han som har Gud sjølv til Far,

kom då tida mogen var,

kledde seg i kjøt og blod,

nådig mellom oss han stod.

Jesus, vår Immanuel,

er vårt trygge frelsefjell

Syng med englar høgt i sky:

Krist er fødd i Davids by.


Syng ein song til Herrens pris.

Lovsyng han på englevis.

Rettferds sol, vår frelsegrunn,

pris skal ha frå kvar ein munn.

Fødd ved Anden, av ei møy,

fødd så ikkje vi skal døy,

fødd til liv og lækjedom

gjev han oss i himlen rom.

Syng med englar høgt i sky:

Krist er fødd i Davids by.

Ingen kommentarer: