I dag stod vi opp i høveleg tid og forlot Fremont der vi sov i natt. Kom oss inn til San Fransisco og skilte lag for å utforske byen. Meg og Kay Amund bevega oss nedover mot sentrum og heiv oss på ein av dei gamle kabeltrikkane. Så gjekk vi ned til Union Square og åt på The Cheescake Factory. Brukte litt tid på å kikke og shoppe. Så gjekk vi frå Union Square og til Pier 39 (det er et godt stykke). Kikka på pieren, gjekk rundt og bort til den maritime pieren og prøvde tivoli-spel til ein billig penge. Kikka på Fishermans Warf og åt middag med resten av følget på Hard Rock Cafe.
Ein av dei gamle kabeltrikkene.
På toppen av Macy's.
Ein av dei bratte bakkene.
Flotte hus - typisk for San Fransisco.
Kay Amund med Alcatraz i bakgrunn.
På trikken tilbake om kvelden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar