mandag 29. juni 2015

17 Mile Drive

I dag kom me oss avgårde frå hotellet og til ein sykkelutleige. Her leigde me oss kvar vår sykkel (Ellen og Chris på tandem). Meg og Kay Amund suste avgårde langs 17 Mile Drive. Dette er ein privat veg der det er mange flotte hus. Veien kostar for bilar, men er gratis for syklister. Det var overskya, men grei temperatur. Mykje flott å sjå. 
Kom til stranda og fekk sett oter og sel på nært hold. Traff på Per, som slo følge med oss. Sykla ganske langt, og va flotte trær, et 300 år gammalt furutre blant anna. 
Så sykla me inn te byen her igjen og åt litt. Leverte inn stolane igjen. Meg og Kay Amund gjekk på butikk og kjøpte oss is. Satte oss på et fortau og åt den der. Flott plass dette her, og god dag med avslapping. 
I dag va det så overskya at me bestemte oss for at solkrem va unødvendig. No ser me ut som ein gjeng kokte humrar. 









Ein oter som kosar seg. 

Poserer litt for fotografane. 

Lurte meg bort til ein sel. 





Dådyr attmed veien. 



1 kommentar:

ingun sa...

nydelig bilde av dokke to <3 og den oteren va no til å spise opp :)