I går skulle me slappe av og ta det rolig. Sov litt utpå. Først gjekk turen downtown til Gold and Silver Pawn Shop. For dei som ikkje veit kva det er så er det ein serie på TV, kanskje på Max, eller ein av desse "mannekanalane" som heite Pantelånerne i Las Vegas. Her va det mykje folk. Me kom rett inn, men når me kom ut att, stod det kø utafor. Butikken er blitt veldig populær, og tippe det vert solgt like mykje souvenirer som faktiske pantegjenstander.
Etterpå va vi i Old Town og åt lunsj. Så kjørte vi ein tur til The Venetian der me såg på elva med gondoler inne på kjøpesenteret som er i første etasje av dette hotellet.
Etter ein Liten avslapping og bading for Kay Amund gjekk vi ut att. Var på CSI:experience, der vi fekk vere CSI-etterforskere og løyse et drap.
Så gjekk vi på Hard Rock Cafe og åt middag. Etter det møtte vi Per, og ilag va me rundt og såg litt på coca cola butikk, på hotellet ved sida av oss, som e et slott og ved sida av der igjen som e ein pyramide.
Gold and silver pawn shop.
Old Town. Lysshow i taket om kveldane.
Nabohotellet. Ei slag ridderborg.
Vårt hotell: New York-New York.
Et hotell som er forma som ei pyramide.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar