lørdag 27. juni 2015

Santa Monica Beach

I dag kjørte vi ned til Santa Monica Beach. Gjekk bortover stranda og mimra om Baywatch og Pacific Blue. Var ute på pieren også. Gjekk opp til sentrum for å ete. 
Eg og Kay Amund gjekk på ein litt finare plass for å ete ein plass dei skifta med at dei hadde glutenfri mat. Vi bestilte oss kvar vår Turkey Burger. Den smakte veldig godt. Når eg skulle ta andre biten på gaffelen, snudde eg biten og oppdaga at bunnen ikkje var lik toppen. Fann ut at eg hadde fått min topp på burgeren, og Kay Amund sin bunn. Kay Amund hadde fått sin topp, men min bunn. Måtte gi beskjed, og fekk ny mat. Mens eg venta på andre servering kom manageren på restauranten og beklage på det sterkaste, og ein kunne sjå tydelig at han va lei seg for feilen. Fekk til og med visittkortene hans om eg trengte å kontakte han i ettertid. Det vart jo ikkje bedre for han av at eg både hadde allergi og hadde spist av burgeren - han fekk så dårlig samvittighet. Endte vertfall med at heile lunsjen blei på huset. 
Etterpå kjørte vi og skulle sjå Hollywood-skiltet, men trafikken i Los Angeles er heilt grusom. Tok vanvittig lang tid å komme seg fram. Såg heller ikkje skiltet særlig godt derifrå. Seinare va vi lenger oppe på Griffin ett eller anna observatorium. Der fekk vi sett både skiltet, byen og solnedgangen. Åt på Hard Rock Cafe. 

Santa Monica Beach












Hard Rock Cafe

Perfect fit i Tom Hank sine håndavtrykk. 

Ingen kommentarer: