tirsdag 30. juni 2015

Winchester mystery house

Det einaste eg har tatt bilde av i dag er ein parkeringsbilett, ikkje fordi me ikkje har gjort nåkke elle ikkje har opplevd noko, men rett og slett fordi dagens store opplevelse hadde fotografering forbudt. 
Me va ikkje avgårde så tidlig i dag, for Per hadde litt meir han måtte få gjort i Pacific Grove. Kjørte til Santa Cruz der me tok ein felles lunsj. Gjekk litt i gatene etterpå. Fekk til og med shoppa litt. 
Så kjørte me til San Jose og besøkte Winchester Mystery House. Kona til sjølvaste Winchester (rifla), kjøpte dette huset etter mannens død. Ho hadde mista et barn også og andre i familien. Ei spådame sa ho måtte kjøpe et uferdig hus og aldri gjere det ferdig for å kvitte seg med dei onde åndene. Ho kjøpte et hus og ansatte folk som jobba på huset hennas 24 timer i døgnet i 36 år. 

http://www.winchestermysteryhouse.com

Resultatet er et stort hus med tusenvis av vinduer og dører og trapper. Ei trapp går rett opp i taket, ei dør går rett inn i ein vegg osv. Overdådige vinduer med krystaller og mønster. Mange løsninger som var langt forut si tid. Så utrulig facinerande. 

Gjekk litt på shopping i San Jose og åt middag på italiensk. 
Har sjekka inn på hotell i Fremont for natta. 
Fra Google: heile gården. 

Fra Google: framsida av huset. 

Fra Google: ei dør ut til ingenting. 

Fra Google: ei trapp opp i taket. 

Fra Google: et vindu ned til etasjen under. 

Fra Google: fru Winchester hadde ein sjukdom (kanskje leddgikt?) som gjorde at ho ikkje klarte løfte beina så høgt (var også veldig lav). Derfor var mange av trappene spesiallaget til ho. Kvart trappetrinn var kanskje 5 cm høgt, så denne trappa opp i andre etasje hadde 7 svinger for å komme opp. 

1 kommentar:

Øyvind sa...

Utrulig stilig med den trappa der. Men ville ikkje hatt den sjøl.